Ferdigkokte poteter blir lagt i kasser, klare for avreise til norske sjukehus og sjukeheimar.
Grønt Partner leverer poteter til titals millionar middagar til sjuke og eldre kvart år.
Men neste vår kan det sjå heilt annleis ut.
– Eg og mine hyggelege, gode kollegaer risikerer å miste jobben vår. Det er så klart veldig alvorleg.
Det seier produksjonsleiar Terje Skifjeld i Grønt Partner.
Larviksbedrifta fryktar for regjeringa sin auka potettoll som trer i kraft i september. Den vil gjere det svært mykje dyrare å importere poteter frå utlandet.
– Totalt krise
Grønt Partner formidlar vidare stort sett norske poteter, men på våren og tidleg sommar har dei alltid slite med å skaffe nok.
Difor har dei vore nøydde til å importere kring 25 prosent frå utlandet.
Akkurat det får ein heilt annan prislapp frå september av.
– For vår del så blir det totalt krise, seier eigar Øivind Moen.
Han har kome fram til at tollen vil koste bedrifta kring 15 til 20 millionar ekstra.
For ei bedrift som omset for kring 70 millionar kroner, meiner Moen det blir for trongt.
– Vi har ikkje sjanse til å bere den kostnaden. Så det er eigentleg berre å låse døra, seier Moen.
Bommar på tidspunkt
Noreg er kring 90 prosent sjølvforsynte med poteter, og importerer det vi manglar.
Men regjeringa ønskjer å auke produksjonen av norske poteter, og innfører denne auka potettollen for å få til nettopp det.
Men bedriftseigar Moen meiner regjeringa har hastverk og at tollen blir innført på feil tidspunkt.
Det er potetmangel i Noreg i dag, mykje på grunn av at ekstremvêret Hans øydela store avlingar i fjor.
Moen meiner det vil ta fleire år før norske bønder er i stand til å levere alle potetene både han og andre i Noreg treng.
– Ein er nøydd til å innføre overgangsordningar, slik vi får tilpassa marknaden. Slik vi ser situasjonen så finst ikkje desse potetene i Noreg no. Det tek lang tid å dyrke fram, seier Moen.
Høgre ber regjeringa snu
Opposisjonspartiet Høgre meiner regjeringa er nøydde til å skrote tollen.
Dei er uroa for at norske forbrukarar må ta rekninga for auka potetprisar når tollen trer i kraft.
– Prisen på poteter er allereie blitt skyhøg i forhold til det den har vore før, og vi kan ikkje sjå nokon grunn til at norske forbrukarar skal få den ekstra tollen og betale for den i tillegg, seier stortingsrepresentant Anne Kristine Linnestad (H).
Ho trur prisen på potet vil auke såpass mykje som følge av tollen, at det vil gjere at etterspørselen etter potet vil gå ned.
– Enda fleire vil bytte frå potet til ris og pasta, seier Linnestad.
Trur ikkje på konkurs
Regjeringa, med landbruksminister Geir Pollestad (Sp) i spissen, er ikkje samde i at tollen vil føre til konkurs for Grønt Partner.
– Eg trur ikkje på premissen om at potetprisane kjem til å gå opp og at de kjem til å gå konkurs, seier han.
Han meiner at potetproduksjonen i Noreg vil auke gradvis.
I tillegg understrekar han at tollsatsane vil bli reduserte i periodar kor det er for lite norsk potet.
Kansellerte kontraktar
Men bedriftseigar Moen seier at det ikkje går så raskt å snu seg rundt.
Dette er ein marknad med lange kontraktar, kor ein er nøydde til å planlegge langt fram i tid.
Grønt Partner har allereie sett seg nøydde til å droppe fleire kontraktar med sine utanlandske leverandørar som følge av prislappen på den nye tollen.
– No har eg kontakta mange av dei, og dei har jo ikkje dei potetene lenger. Dei er selde til andre. Og det er ikkje slik at EU står på grensa med 50.000 tonn poteter i april, seier Moen.
Landbruksministeren: – Litt knuffete
Trass i dei dystre framtidsutsiktene i Larvik, har landbruksministeren ingen planar om å snu.
Pollestad vil gjere det som trengst for at Noreg skal vere sjølvforsynte med potet.
– Det kjem til å bli litt knuffete i ei overgangsperiode, men det kjem til å gå heilt fint. Det kjem til vere nok potet og prisane kjem ikkje til å gå i vêret, Pollestad.
Publisert 16.07.2024, kl. 22.24