Fryktar «betydeleg» dyrare mjølk

1 month ago 10


Som ein del av jordbruksoppgjeret i vår, vart bøndene og staten einige om ei endring i korleis prisen på mjølk blir sett.

På sikt vil den nye prismodellen kunne få mykje å seie for prisane på meieriprodukt, seier avdelingsdirektør Beate Berrefjord i Konkurransetilsynet.

Beate Berrefjord i Konkurransetilsynet

Avdelingsdirektør for mat, handel og helse i Konkurransetilsynet, Beate Berrefjord.

Foto: Konkurransetilsynet

Skifte prismodell

Fram til no har bøndene og staten avtalt ein målpris gjennom jordbruksoppgjeret, som i praksis har fungert som ein makspris på mjølk. Konkurransetilsynet meiner dette har gitt forbrukarane eit vern mot store prisaukar.

Men no vil regjeringa ha ein volumprismodell: Frå no av skal Tine sette prisen på mjølk to gonger i året.

Tine har ein marknadsdel på rundt 93 prosent på råvara mjølk. Q-meieriene er den einaste konkurrenten, og har dei resterande 7 prosentane i marknaden.

Den prisen som Tine vil sette på mjølk, er den prisen som Tine sjølv, men også andre meieri, skal betale for mjølka dei bruker for å lage andre produkt som yoghurt, ost og rømme.

Hyller med ulike yoghurt- produkter.

Foto: Elisabeth Sandve / NRK

«Dette kan innebere at selskapet i større grad vil gjennomføre aukar i mjølkeprisen ut frå eigne marknadsinteresser enn tilfellet har vore under målprissystemet», skriv tilsynet i eit høyringsinnspel.

Vi åtvarar mot at dette kan gjere det vanskelegare for Tine sine konkurrentar å konkurrere mot Tine, seier Berrefjord.

Ueinig

I Noreg blir prisar sette på råvarene i landbruket på ein annan måte enn i mange andre land. Andre stader blir prisane knytte opp mot internasjonale råvarebørsar.

«Når den dominerande aktøren blir gitt kontroll over råvareprisen ... er det etter vurderinga til tilsynet ein reell risiko for at konkurransen i marknaden over tid vil ringast», skriv tilsynet.

Landbruks- og matdepartementet meiner på si side at det at Tine no skal sette prisen på mjølk, ikkje vil føre til endra prisar for bøndene, industrien eller forbrukarane.

Geir Pollestad

Landbruks- og matminister Geir Pollestad (Sp).

Foto: Øystein Otterdal / Oystein Otterdal

Landbruksminister Geir Pollestad (Sp) har så langt ikkje hatt høve til å stille til intervju om saka.

– Usikkerheit i prisane

Noreg stangar no i taket for kor mykje støtte dei kan gi til landbruket, og samstundes halde seg innanfor handelsforpliktingane sine opp mot Verdshandelsorganisasjon (WTO).

For å bøte på dette, så har regjeringa bestemt at det blir endringar prisinga av mjølk, og det er dei som har bede Tine ta ansvaret.

– Alle alternativ til målpris gir større usikkerheit i prisane. Men avtalepartane i jordbruksoppgjeret har landa på at dette er alternativet som gir minst usikkerheit til heile verdikjeda, seier direktør for næringspolitikk i Tine, Gunnar Dalen.

Gunnar Dalen, direktør for næringspolitikk i Tine.

Direktør for næringspolitikk i Tine, Gunnar Dalen.

Foto: Tine

Han seier Tine går inn i dette med ope sinn, og seier at den nye prismodellen ikkje er spikra.

– Vi vil gjerne ha innspel frå alle om korleis han skal sjå ut. Vi har fleire møte med ulike aktørar no, før han skal takast i bruk i april neste år.

– Modellen skal ta vare på bonden, industrien og forbrukarne. Og han må vere konkurransenøytral, seier Dalen.

Fleire kriterium

Så langt har Tine tenkt å sjå på følgande variablar, når dei skal sette prisen på mjølk:

  • Kostnadsutviklinga for bonden
  • Noregs Bank sine estimat for konsumprisindeksen framover
  • Statistisk sentralbyrås prisstatistikk for matvarer
  • Internasjonale mjølkeprisar

– Konkurransetilsynet meiner Tine kan sette opp prisen på mjølk etter eigne marknadsinteresser, og at det vil føre til høgare prisar for forbrukarane?

– Vi vil konkurrere i den same marknaden. For Tine sine meieri kjøper mjølk til den same prisen, på like vilkår som all anna industri. Og til slutt er det forbrukarane som avgjer om dei vil kjøpe desse produkta eller ei. Vi vil gjere vårt for å sikre føreseielegheit og stabilitet, seier Dalen.

Publisert 16.10.2024, kl. 12.55

Read Entire Article