Frykt for lokalskulen – jakta rektor i vegkanten

4 months ago 42


Tobarnsfaren lovar ein geitekilling kvar haust til den som vil ta på seg oppdraget.

BANNER OG SHORTS: Øystein Wigestrand frå Suldal tok promoteringa i egne hender, bokstavleg talt. Med annonsering på plakat og kommunevåpen-shorts håper han fleire vil søkje seg til lokalskulen. Foto: Privat
  • Bilde av Espen Moe Breivik
mandag 27. mai kl. 17:04

– Vi treng rektor, lærarar og kompetanse, men slit med å rekruttere, seier Øystein Wigestrand.

Derfor stilte han seg i vegkanten under Tour of Norway, ikkje for å følgje sykkelrittet, men for ei litt utradisjonell annonsering av den ledige stillinga i grenda.

Med heimelaga plakat og kommunevåpen-shorts.

– Det var veldig spontant. Shortsen fant vi i ei skuffe på grendehuset, som er frå den lokale revyen, forklarar han.

SYKKELRITT: Tour of Norway er eit internasjonalt sykkelritt frå Voss, direktesendt på fleire sportskanalar. Foto: Paul S. Amundsen / NTB

Geitekjøt til den nye rektoren

Wigestrand kjøpte ein gard og flytta heim til Marvik i Suldal (Rogaland). Med har han kone og to jenter, ei på tre og ei på åtte månader.

– Dei vil bli direkte råka dersom skule eller barnehage forsvinn, seier Wigestrand, som no er i pappapermisjon.

Geitebonden, som også er lokalpolitikar for Senterpartiet i kommunen, lovar at han eller ho som blir ny rektor skal få ein geitekilling årleg.

– Det er ein delikatesse, seier han.

Over 100 delingar, men ingen søkjarar

Wigestrand er usikker på om «annonsen» kom med på TV-bileta, men på Facebook har bileta blitt delt over 100 gongar.

– Vi gjorde eit ærleg forsøk, og det har vore positive tilbakemeldingar i lokalsamfunnet.

MERKSEMD: TV 2-programleiar Dag Otto Lauritzen la merke til markeringa frå Wigestrand og gjengen i vegkanten. Foto: Privat

Kommunalsjef for oppvekst i Suldal kommune, Svein Carlos Nilsen Gjil, seier at ingen foreløpig har søkt på stillinga på Marvik skule, men fristen er enda ikkje ute.

– Det er utfordrande å rekruttere, spesielt på små stadar. Det er nok ikkje unikt her, seier han.

Han har likevel eit håp at nokon søkjer innan fristen.

– Er det fare for at skulen må leggjast ned om ingen søkjer?

– Vi skal ha eit forsvarleg og godt tilbod også til dei som bur i Marvik. Det er vanskeleg å lage ein god skule utan fagutdanna rektor og lærarar.

Kommunesjefen er svært positiv til stuntet, som har blitt ein snakkis i ettertid.

Tiktok-bonde: Wigestrand har stor kjærleik for dyra sine, og dokumenterer også gardslivet i sosiale medium:

Brenn for å kunne leve ute i distrikta

Den kreative tobarnsfaren håper nokon lar seg inspirere, slik at det ikkje blir mindre attraktivt å busette seg utanfor kommunesenteret.

Suldal er ei stor kommune med store avstandar. Om skulen vert lagt ned kan det betyr at reisevegen til ny skule blir godt over ein time.

– Det er ein kamp mot sentralisering. Ein er avhengig av skule og barnehage for å bu her, og drive næring, seier Wigestrand.

Read Entire Article