Frosta-saka: Fleire fornærma er mor og dotter

1 month ago 9


Tidlegare kommuneoverlegen i Frosta, Arne Bye, er tiltalt for å ha misbrukt sin stilling for å skaffe seg seksuell omgang med 95 av sine pasientar. 88 av disse skal han ha valdtatt.

NRK har kartlagt kvinnene som i tiltalen mot Bye har status som fornærma. Kartlegginga viser stor variasjon:

  • Den yngste kvinna var 14 år da ho ifølge tiltalen skal ha blitt valdtatt.
  • NRK finn at fleire av dei fornærma er i familie.

Kvinner i alle aldrar

NRK har kartlagt alle dei 95 kvinnene som er ein del av tiltalen.

Kartlegginga viser at sju av kvinnene var under 20 år da overgrepa skal ha funne stad.

Av disse var to av dei under 16 år.

Den eldste kvinna i tiltala var 67 år da ho skal ha blitt valdtatt. Totalt tre kvinner var over 60 år.

Fleire er i familie

Fleire av dei fornærma kvinnene er også i familie med kvarandre.

NRK finn fleire tilfelle der Arne Bye skal ha valdtatt både mor og dotter.

I tillegg er det fleire av dei fornærma kvinnene som er søsken.

Dei fleste kvinnene bur framleis i Frosta, medan 15 av kvinnene har flytta frå kommunen.

Den dag i dag er det stor variasjon i yrke og livssituasjon for kvinnene.

– Vi merker oss også dei store variasjonane i saka, men har ingen kommentar utover det, seier koordinerande bistandsadvokat for dei fornærma, Tove Røddesnes.

Frosta

Dei flest av dei fornærma kvinnene bur framleis i Frosta.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

– Unik sak

Frosta kommune har omtrent 2600 innbyggarar. Da Arne Bye mista autorisasjonen sin i 2022 var han fastlege for 850 pasientar.

Dette reflekterer den posisjonen denne legen hadde i lokalsamfunnet, seier Kjetil Kolsrud, redaktør i Rett24 om NRK si kartlegging.

Han fortel at saka har uvanleg mange fornærma.

Omfanget av saka er heilt unikt. Vi har aldri sett ei overgrepssak på storleik med dette før.

Kolsrud fortel at det ikkje finst noko praksis når det kjem til ein eventuell straffeutmåling i ei så omfattande sak.

– I så måte er dette upløgd mark.

Mange har fått saka lagt bort

NRK har kartlagt dei 95 kvinna som har status som fornærma i tiltalen mot Arne Bye.

Politiet har tidlegare fortalt at totalt 209 kvinner har hatt status som fornærma under etterforskinga.

Før dei sende saka til Statsadvokaten la politiet bort 99 saker.

I tillegg har statsadvokaten lagt bort 15 saker.

Det betyr at totalt 114 kvinner har fått saka si lagt bort.

Arne Bye, kommuneoverlege i Frosta. Han står utendørs, foran kommunehuset, iført blå jakke.

Arne Bye var kommuneoverlege i Frosta og fastlege for mange av kommunen sine innbyggarar.

Foto: Tariq Alisubh / NRK

Erkjenner tre valdtekter

Bye har erkjent straffskyld på nokre av punkta i tiltalen.

Etter nye politiavhøyr, erkjente Bye å ha valdtatt tre kvinner og å ha utnytta si stilling for å oppnå seksuelle omgang i 40 av dei 95 tilfella han er tiltalt for.

– Det er no gjennomført avhøyr av vår klient der han har erkjent straffskyld for tre tilfelle av valdtekt fordi fornærma i rettsleg forstand har vore ute av stand til å motsette seg handlinga, skreiv Hjulstad Nilsen til NTB da.

Hjulstad Nilsen har ikkje ønskt å kommentere NRK sin kartlegging av dei fornærma kvinnene.

5. november byrjar rettssaka mot den tidlegare kommuneoverlegen i Trøndelag tingrett.

Det er sett av 16 veker til saka.

Hei!

Er du eller nokon du kjenner påverka av Frosta-saka? Har du ei oppleving eller historie å fortelje? Eller har du innspel eller tips til kven eg burde snakke med?

Da vil eg veldig gjerne høyre frå deg!

All informasjon blir behandla konfidensielt. 

Publisert 14.10.2024, kl. 16.46

Read Entire Article