Frå folkefavoritt til utskjelt og upopulær – kven er Kamala Harris?

4 months ago 53


Ho har ei indisk mor og ein jamaicansk far, og har klatra høgare i det amerikanske maktapparatet enn noka kvinne før henne.

I 2021 skreiv Kamala Harris historie då ho blei tatt i ed som visepresident for Joe Biden.

Då Biden annonserte at han trekk seg frå presidentvalet i november og stiller seg bak henne i staden, nærma Harris seg det ho lenge har ønska seg: moglegheita til å bli USAs president.

I så fall vert ho første kvinne og første person med asiatisk og afrikansk bakgrunn på det ovale kontor.

Vegen dit har vore langt og vanskeleg, særleg dei siste månadane.

Folkefavoritt

Harris er føydd i Oakland i California. Begge foreldra hennar er innvandrarar. Dei skilde seg då Harris var fem, og ho blei oppdratt av mora Shyamala Gopalan Harris, kreftforskar og menneskerettsaktivist.

Lenge såg Kamala ut til å ta nasjonen med storm som ei av dei mest framtredande svarte kvinnene innan amerikansk politikk. Ho gjentok stadig at ho var den første av sitt slag, men ikkje ville bli den siste.

Valkampanje i 2019

Harris møter veljarar i 2019, året før ho vinn valet ved sida av Joe Biden.

Foto: Elijah Nouvelage / Reuters

I sigerstala si 20. januar 2021, snakka ho om mor si og generasjonane av kvinner frå alle rasar som bana veg for at ho skulle stå der i den augneblinken:

– Eg er kanskje den første kvinna i denne jobben, men eg kjem ikkje til å vere den siste. For alle små jenter som ser på i kveld, ser at dette er moglegheitenes land.

Og publikum elska det.

Det var milevis unna det USA som Trump hadde leia i fire år, meir polarisert enn på lenge og med drapet på George Floyd friskt i minne.

Men så stilna begeistringa. Etter eit år som Bidens nummer to, viste meiningsmålingane at ho vart sett på som den minst populære visepresidenten gjennom tida.

Ein beinhard advokat og senator

Før vi går inn i kva som snudde situasjonen for visepresidenten, må vi sjå på kva ho gjorde før ho fekk den stillinga.

Harris sat som distriktsadvokat i San Francisco frå 2004 til 2011. Der etablerte ho seg som ein hardbarka aktor som slo hardt ned på lovbrot samstundes som ho arbeidde for progressive reformar.

Shyamala Gopalan og Kamala Harris

Kamala Harris vert sverga inn som distriktsadvokat i San Francisco i 2004. Med mora, Shyamala Gopalan.

Foto: George Nikitin / AP

Ho laga mellom anna programmet «Back on track» som skulle redusere tilbakefalla for dei som er tiltalte for narkotikasmugling på lågt nivå.

I 2011 vart ho statsadvokat i California, som første kvinne og første afroamerikanar, og leia då justisdepartementet i USAs mest folkerike stat. Der fekk ho gjennom reformar innan strafferett, teknologisk kriminalitet og miljøvern.

Ho vart stempla som ein komet i Det demokratiske partiet, og vart vald inn som senator i California i 2017 som andre svarte kvinne i Senatets historie.

Harris grilling

Harris grilla i 2019 statsadvokat General William Barr i høyringa om russisk påverknad på valet i 2016.

Foto: Aaron P. Bernstein / Reuters

Ho vart raskt kjent for å grille motpartane sine under høyringar i Senatet, gjerne i kritiske augneblink. Fleire gongar gjekk høyringane hennar viralt.

Visepresidentsmell

Før ho vart Biden sin sidekick, prøvde ho seg på presidentkandidaturet sjølv. Men fleire kritiserte ho for å mangle disiplinen som er naudsynt for å nå lengst, og at ho ikkje hadde ein tydeleg politikk, trass hennar «råe talent».

Så vart ho likevel visepresident.

Biden og Harris

Vinnarduo i 2020.

Foto: Andrew Harnik / AFP

I Det kvite hus kjempa ho for at kongressen skulle få på plass igjen Roe v Wade, dommen som sikra amerikanske kvinner retten til fri abort, etter at høgsterettens konservative dommarar oppheva han i 2022.

Ho hjalp til med å gi amerikanarar økonomisk støtte under Covid, og fekk gjennom Inflation Reduction Act.

Men trass i at ho er progressiv i saker som homofilt ekteskap og dødsstraff, er ho ikkje progressiv nok for den veljargruppe ho verkeleg prøvde å vinne hjarta til.

Kamala Harris

Kamala Harris har ønska seg presidentkandidaturet lenge.

Foto: Jacquelyn Martin / Jacquelyn Martin

«Kamala is a cop» vart eit gjennomgangstema under valkampanjen i 2020. For sjølv om ho vart ei tydeleg stemme i saker som politivald, eit viktig tema i kjølvannet av drapet på Floyd og «black lives matter», hadde ho også vore i påtalemyndigheitene sjølv.

Det var berre ein av fleire saker der det vart tydeleg at Harris-politikken ikkje var heilt definert.

Og Biden har gitt henne fleire upopulære oppgåver, som å handtere hopetala av migrantar som kom seg inn i USA over grensa til Mexico.

Kjelder frå Det kvite hus seier Harris har hamna på kant med både Biden og staben.

Lovar å vinne

Biden seier sjølv han vil Kamala Harris som demokratane sin presidentkandidat, men det er ikkje sikkert heile Det demokratiske partiet er einig i det.

Fleire fryktar framleis at ho ikkje har greidd å definere kva som er Harris sin eigne politikk.

Men ho sjølv er klar.

– Eg vil gjere alt i mi makt for å samle partiet og nasjonen. Og for å slå Donald Trump.

Gjer ho det, vert det nok ein historisk milepæl for jenta frå Oakland, og for USA.

Publisert 22.07.2024, kl. 05.10

Read Entire Article