FpUs Simen Velle: – «Drill, baby, drill»

1 month ago 7


– Sluttdatoen er enten når norsk sokkel går tom, eller når verda ikkje lengre har lyst på olje, seier leiar i FpU, Simen Velle.

Han seier også at han håpar vi kjem oss gjennom eit grønt skifte så raskt som mogleg, for det er heilt nødvendig

– Men den siste dropen med olje som blir seld på den globale marknaden den bør komme herfrå, held han fram.

Simen Velle Johan Sverdrup

Simen Velle håpar på eit grønt skifte så raskt som mogleg, men seier samstundes «drill, baby, drill».

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Olje- og energimessa ONS (Offshore Northern Seas) blir arrangert i Stavanger denne veka.

Langt frå Stavanger sentrum, ute i Nordsjøen, står også olje på agendaen.

Fleire sentrale ungdomspolitikarar var samla på Johan Sverdrup-feltet for å lære om korleis oljeproduksjonen skjer på norsk sokkel.

Oljepolitikk Johan Sverdrup

Johan Sverdrup er et olje- og gassfelt i Nordsjøen og ligg 140 kilometer vest for Stavanger.

Foto: Ole Andreas Bø

Ueinige om oljeframtida

Kanskje skal desse styre norsk oljepolitikk i åra som kjem. Kanskje skal dei sitte saman i regjering.

Men ungdomspartia står langt frå kvarandre i spørsmålet om Noreg si oljeframtid.

Med unntak av Unge Høgre og FpU er det ingen av ungdomspartia som oppgir i partiprogramma sine at dei ønsker meir leiteaktivitet på norsk sokkel.

Dette meiner ungdomspartia om leiteaktivitet etter olje i åra framover:

Astrid Hoem, leder AUF, på Johan Sverdrup

Ole Andreas Bø

AUF

(Utgangspunktet er ungdomspartia sine partiprogram).

  • Ha ein styrt avvikling av petroleumsindustrien med full avvikling i 2035.
  • Vil ikkje tillate nye leite- og prøveboringar.
Nils Forren, politisk nestleiar senterungdommen på Johan Sverdrup.

Ole Andreas Bø

Senterungdommen

  • Sette ned ein energikommisjon som skal greie ut om gradvis nedtrapping av norsk olje- og gassproduksjon.
  • Stanse leiting etter nye olje- og gassfelt.
Oda Røhme Sivertsen, UH, på Johan Sverdrup

Ole Andreas Bø

Unge Høgre

  • Olje- og gassnæringa skal oppretthaldast i Noreg så lenge marknaden spør etter olje og gass.
  • Noreg har et særskilt ansvar for å forsyne Europa med olje og gass, og dermed skal utviklinga av lønnsame felt halde fram.
Simen Velle, FpU, Johan Sverdrup

Ole Andreas Bø

Framstegspartiets Ungdom (FpU)

  • Vil fortsette leiting av norsk olje og gass.
  • Vil tillate oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja.
Ane Breivik frå unge venstre på Johan Sverdrup

Ole Andreas Bø

Unge Venstre

  • Elektrifisere attverande oljefelt på norsk sokkel eller stanse produksjonen der det er hensiktsmessig.
  • Stanse tildelinga av nye leitelisensar på norsk sokkel
Hadle Rasmus Bjuland frå KRFU Johan Sverdrup

Ole Andreas Bø

Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU)

  • Ha ein føreseieleg utfasing av dei oljefelta som allereie er i bruk.
  • Ha ein full stopp av leiting etter nye oljefelt på norsk sokkel.
Audun Hammer Hovda frå Sosialistisk ungdom på Johan Sverdrup.

Ole Andreas Bø

Sosialistisk Ungdom (SU)

  • Avvikle oljenæringa.
  • Stoppe leiting etter ny olje umiddelbart. Ingen nye konsesjonar.
Andreas Aukland Grønn ungdom

NRK

Grønn Ungdom

  • Ønsker å avvikle næringa innan 2040.
  • Stanse leiting etter nye felt.

Norsk oljeproduksjon kjem til å falle

Produksjonen av olje og gass kjem til å gå ned i åra som kjem, viser ein rapport lagt fram av Sokkeldirektoratet førre veke.

Meir leiteaktivitet er den einaste måten å bremse fallet, seier Sokkeldirektoratet.

Oda Røhme Sivertsen, UH, på Johan Sverdrup

Oda Røhme Sivertsen i Unge Høgre.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Vi har lyst til å halde fram med olje fram til det ikkje er lønnsamt lengre, så ei stund til, seier nestleiar i Unge Høgre, Oda Røhme Sivertsen.

Mens AUF sitt krav til Arbeidarpartiet er å få ein slutt på leiting etter olje og gass.

– Fordi vi har funne olje og gass som kan vare ut i neste hundreår, seier Gaute Børstad Skjervø, nestleiar i AUF.

Gaute Børstad Skjervø

– Vi skal vidare, og da bør vi ikkje leite etter nye olje- og gassfelt, seier Gaute Børstad Skjærvø i AUF.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Vi er positive til å hente opp frå det vi allereie har funne, men vil avgrense leitinga. Vi har olje på områda vi ulvinner frå i dag, i lang tid framover, seier Hadle Bjuland i KrFU.

Andreas Aukland frå Grøn Ungdom og Audun Hammer Hovda i Sosialistisk Ungdom er samstemte.

– Det er på overtid at vi sluttar å leite etter meir olje viss vi skal nå ambisjonane vi har og måla vi har sett i internasjonale klimaforhandlingar, seier Hammer Hovda.

– Equinor har ein plan om å leite etter nye felt, i stor grad finansiert av staten, som skal vare til 2090. Det er økonomisk uansvarleg, seier Aukland.

Grønn ungdom Andreas Aukland

Andreas Aukland i Grøn ungdom vil stoppe oljeleitinga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Må gå med på nokre innrømmingar

Sjølv med to foreldre som arbeider i oljenæringa er også Unge Vestre-leiar Ane Breivik klar i bodskapen.

– Vi må stanse leitinga etter meir olje og gass slik både FNs generalsekretær, det internasjonale energibyrået, verdas leiande samfunnsøkonomar, og klima- og miljøforskarar tilrår.

Eit borgarleg regjeringssamarbeid for Venstre betyr konsesjonar frå samarbeidspartia.

Ane Breivik og Simen Velle på Johan Sverdrup.

Ane Breivik i Unge Venstre og Simen Velle er ueinige om Noreg bør slutte med oljeleitinga.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Det eg forventar frå et borgarleg regjeringssamarbeid, er å stanse all vidare oljeleiting. Derav stans i TFO, seier Breivik.

– Så viss vi skal få til noko på borgarleg side, gitt at vi stadig nærmar oss 2030-talet, så må nok Frp og Høgre gå med på nokon innrømmingar når det kjem til oljepolitikken, avsluttar ho.

– Det er det jo fleire av dine ungdomspolitikarkollegaar som seier at nå må vi slutte å leite. Kva seier du?

– Eg seier «drill, baby, drill», avsluttar Velle.

Jonas Gahr Støre blir intervjuet.

William Jobling / NRK

Arbeidarpartiet (Ap)

(Utgangspunktet er partiprogramma i forkant av stortingsvalet i 2021).

Ap vil framleis pumpe opp olje, men halvere utsleppa frå produksjonen innan 2030. Dei har nullutslepp som mål.

Iskanten, den nordlegaste grensa for oljeverksemd, skal vere litt lenger sør enn i dag.

Erna Solberg, Høyre.

Frode Fjerdingstad

Høgre (H)

Høgre vil omstille, ikkje avvikle, olje- og gassnæringa, og vil fortsette å leite etter olje. Halvparten av utsleppa til næringa skal kuttast innan ti år.

Partiet meiner at lågare skattar kan føre til meir konkurranse om produksjonen. I tillegg vil partiet undersøke om Lofoten, Vesterålen og Senja kan bli opna for utvinning av olje og gass.

Sylvi Listhaug, frp

NRK

Framstegspartiet (Frp)

Frp vil utvikle oljeindustrien og opne for verksemd i fleire område i nord, spesielt i områda i Barentshavet som grenser mot Russland.

Dei vil også undersøke om ein kan pumpe opp olje i Lofoten, Vesterålen og Senja så lenge det blir tatt omsyn til strenge miljøkrav.

Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

NTB

Senterpartiet (Sp)

Senterpartiet vil opne for nye oljefelt så lenge det blir tatt omsyn til klima og miljø.

Dei vil ikkje opne for oljeutvinning i havområda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene eller i nærleiken av iskanten.

Alle oljeplattformer skal vere utsleppsfrie innan 2040.

Kirsti Bergstø, SV

William Jobling / NRK

Sosialistisk Venstreparti SV)

SV vil stanse all leiting etter olje. Oljeplattformer som allereie finst skal gå på straum ved hjelp av havvind.

Partiet vil slutte å støtte oljeindustrien med pengar og skal gjere det dyrare å hente opp olje, slik at meir bli liggande under bakken.

Guri Melby, V

NTB

Venstre (V)

Venstre vil ikkje opne nye oljefelt. Oljeplattformene som allereie finst skal gå på straum.

Venstre vil også fjerne dei gode skatteordningane for oljeselskapa, slik at dei får mindre draghjelp frå staten.

Dag-Inge Ulstein, KRF

NTB

Kristeleg Folkeparti (KrF)

KrF vil ikkje leite etter olje i nye område, men er opne for å utvide dei som allereie finst. Når det blir bygd nye oljeplattformer, skal desse gå på straum.

Partiet vil også lage ein avtale med andre oljeland om å pumpe opp mindre olje.

Arild Hermstad (MDG).

NTB scanpix

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG)

MDG vil ikkje opne nye oljefelt, og dei som allereie finst skal ikkje bli utvida.

Alle økonomiske fordelar som oljebransjen har skal avskaffast, og partiet vil arbeide for ein global stans av all oljeverksemd i Arktis.

Rødt-leder Marie Sneve Martinussen

Torbjørn Brovold / NRK

Raudt (R)

Raudt vil stanse all leiting etter olje og vil la vere å bygge ut felt som allereie er godkjende.

Staten skal ta ansvar for at nedtrappinga ikkje fører til tap av arbeidsplassar.

Publisert 28.08.2024, kl. 12.58

Read Entire Article