Forsking: Høgare risiko for hjartefeil blant barn født frå assistert befruktning

2 days ago 3


Det er litt høgare risiko for hjartefeil hos barn som er laga med assistert befruktning.

Det seier Signe Opdahl, ei av forskarane som står bak ein ny stor studie om auka risiko for hjartefeil hos barn etter assistert befruktning.

Studien baserer seg på fødselsregistera frå heile Norden.

Til saman har forskarane sett på nær 8 millionar fødslar i Noreg, Sverige, Danmark og Finland frå ein starta med det og fram til 2015. Av desse er nesten 172.000 barn laga ved hjelp av assistert befruktning.

Og så har me har samanlikna barn som er født etter naturleg befruktning i same periode, seier Opdahl.

Resultatet viser at nesten 2 prosent av barna frå assistert befruktning fekk hjartefeil, mot litt over 1 prosent av barna frå naturleg befruktning.

Nye metodar reduserer risikoen

Alvorlege hjartefeil, som kan trenge medisinsk behandling med ein gong barnet er født, var sjeldnare: Av 172.000 barn født etter assistert befruktning fekk 600 av dei ein alvorleg hjartefeil, altså godt under 1 prosent.

Det seier jo noko om at sjølv om me finn ein høgare risiko, så er dette veldig sjeldan, seier Opdahl.

Studien er publisert i European Heart Journal.

Portrett av Signe Opdahl ved NTNU. Hun står i en gang ved St. Olavs hospital. Hun har lyst hår, briller og en blå jakke over en blomstrete topp.

Signe Opdahl er førsteamanuensis ved institutt for samfunnsmedisin og sjukepleie på NTNU.

Foto: Sverre Lilleeng / NRK

– Den absolutte risikoen er låg, men den er like fullt viktig å følge med på. For dei som blir ramma, som får et hjartesjukt barn, så er det kjempeviktig.

Det seier Liv Bente Romundstad. Ho er forskar ved senter for fruktbarheit og helse i FHI, samt gynekolog ved Volvat Spiren Trondheim.

Ho understrekar at behandlinga innan assistert befruktning har utvikla seg mykje sidan tida før 2015, som studien er basert på.

– Auka er i all hovudsak assosiert med tvillingar, seier ho.

Gynekolog Liv Bente Romundstad ved Spiren Fertilitetsklinikk, peker på et bilde av et embryo som er i utvikling.

Liv Bente Romundstad peiker på eit bilete av eit embryo i utvikling.

Foto: Hanne Bernhardsen Nordvåg / NRK

Tidlegare var det vanleg å sette inn fleire befrukta egg i livmora med assistert befruktning.

Dette førte til at barn født med metoden oftare er tvillingar enn barn født etter naturleg befruktning. Og tvillingar har ein høgare risiko for å få hjartefeil uavhengig av korleis dei blei laga.

Men slik blir det ikkje gjort lengre. For no kan ein fryse ned befrukta egg og dermed sette inn eitt om gongen og redusere risikoen for hjartefeil.

– Og med det så har me også redusert risikoen for tidleg fødsel, låg fødselsvekt og mange av de andre uheldige utfalla som ein ser ved tvilling etter assistert befruktning, seier Romundstad.

Ultralyd

Foto: HANS-OLAV LANDSVERK / NRK

Og nettopp det poengterer forskargruppa at er ein av dei viktigaste utviklingane innan assistert befruktning dei siste 10 åra.

Men det er noko av den auka risikoen som dei ikkje veit årsaka til.

Veit ikkje alle årsakene

Forskarane ser at det i svangerskap med berre eitt foster, framleis er litt høgare risiko for hjartefeil hos barn etter assistert befruktning. Og det er uavhengig av kva metode for assistert befruktning som er brukt.

– Det veit me ikkje heilt kva som er årsaka til, forklarar Opdahl.

Både ho og Romundstad seier at det kan ha noko med grunnen til at dei framtidige foreldra treng assistert befruktning i utgangspunktet.

Ultralydbilde

Foto: www.colourbox.com

– I og med at du ser den same risikoen uavhengig av kva metode som er brukt kan det vere knytt til den underliggande infertiliteten, seier Romundstad.

Likevel kan dei ikkje utelukke at det har noko med assistert befruktning å gjere.

Det kan ha noko med sjølve behandlingsteknikken å gjere, men det kan også ha noko med foreldra til barna å gjere. Altså det at de har hatt behov for assistert befruktning i utgangspunktet, seier Opdahl.

Fleire født etter assistert befruktning

Om lag 5 prosent av dei som blir fødd i Noreg i dag er laga ved hjelp av assistert befruktning. Dette talet reknar ein med at kjem til å auke i åra framover.

Begge to poengterer at risikoen og førekomsten av hjartefeil blant barn er låg.

Uavhengig av korleis svangerskapet har komme i stand er det ingen grunn til å vere bekymra, avsluttar Opdahl.

Publisert 03.10.2024, kl. 09.57

Read Entire Article