Det er knytt stor spenning til Nato-toppmøte i Washington D.C.
Sjølv om utgangspunktet er 75-årsmarkeringa til forsvarsalliansen, er det mest spenning knytt til Joe Biden, og framferda hans.
– For Biden er dette veldig viktig etter den katastrofale debatten han hadde mot Donald Trump. Merksemda vil vere på måten Biden oppfører seg.
Det seier Eirik Løkke, rådgjevar i Civita.
Etter den fyrste debatten i presidentvalkampen 27. juni, har fleire demokratar uttrykt bekymring for den kognitive helsa til Biden.
Demokratanes leiar i Representanthuset, Hakeem Jeffries, heldt søndag eit møte med fleire komitéleiarar for å diskutere Biden. Fleire meinte at Biden bør trekkje seg frå valet, ifølgje kjelder som har snakka med nyheitsbyrået AP.
Har ikkje råd til å gjere feil
Løkke seier at Biden ikkje kan gjere mange feil før det kan skape ein ny storm.
– Viss han rotar med orda eller snublar, kan det vere ei utfordring.
Biden si framferd i kveld kan ifølgje Løkke òg vere starten på ei gjenreising for presidenten.
Han skal halde ei nøye førehandsskrive tale, og sjølv om den er viktig, er det korleis han oppfører seg som vil vere i fokus, ifølgje Løkke.
– Måten han er på med dei andre statsleiarane og situasjonane rundt der, kjem til å bli følgt med argusauge. Så der har han ikkje høve til å gjere mange feil, før det kan bli ei stor sak.
Biden har sjølv vore ute i den amerikanske TV-kanalen MSNBC, der seier han at Nato-toppmøtet vil vere ei god anledning til å bedømme om han er skikka til å leie den mektigaste staten i verda.
Ukraina vert tema
Eit av temaa som skal bli diskutert er vegen vidare for Ukraina, særleg korleis ein langsiktig skal forhalde seg til Ukraina-Russland-krigen.
Landets president Volodymyr Zelenskyj er i den amerikanske hovudstaden for å delta på Nato-toppmøtet.
Måndag vart den ukrainske hovudstaden Kyiv, utsett for eit omfattande missilåtak, der det viktigaste barnesjukehuset i landet mellom anna vart treft.
– Det blir spennande å sjå kva lovnader som kjem til Ukraina, seier Løkke.
Tidlegare i dag vart det kjent at Noreg og våpenprodusenten Nammo har inngått ei ny kontrakt verdt over éin milliard kroner.
Det vil gjere det mogleg å vidareføre norsk støtte til Ukraina, meiner forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
– Det gjer det mogeleg for oss å halde fram å støtte Ukraina med artilleriammunisjon, i tillegg til at vi byggjer opp behaldningane for det norske forsvaret, sa han tidlegare i dag.
Avtroppande møte for Stoltenberg
Nato-toppmøtet varer til torsdag, og dette vil vere det siste med Jens Stoltenberg som generalsekretær for alliansen.
Stoltenberg si tid i Nato har vore prega av krig i Ukraina, fyrst med invasjonen av Krim-halvøya i 2014, så fullskalainvasjonen av landet i 2022.
– Det har vore eit så stort problem å finne ein erstattar, at han må ha tatt stadig nye periodar.
Medlemslanda vore nøgd med deira norske leiar, ifølgje Civita-rådgjevaren.
– Måten Stoltenberg har halde saman Nato-alliansen, fått på plass og arbeidd for at Nato-landa skal gje våpen til Ukraina, har vore imponerande, seier Løkke.
Den tidlegare nederlandske statsministeren Mark Rutte skal overta som generalsekretær 1. oktober.
Publisert 09.07.2024, kl. 22.27 Oppdatert 09.07.2024, kl. 22.37