Folk i bygda brekk seg av dritlukt

1 week ago 11


– Første gongen eg kjente lukta, gjekk eg rundt heile huset og leita etter matavfall. Eg tenkte at eg hadde gløymt noko ein stad. Det luktar grufullt, gammalt matavfall, beskriv Laila Langaker.

Ho jobbar i Espira Litlasund barnehage ilag med Inger Lise Fostenes.

– Lukta har til tider vore grufull. Særleg på varme vårdagar. Då slår den oss ut, seier Fostenes.

Ho er styrar i barnehagen på Torvastad og fortel om kvalme og hovudverk, og om korleis store og små må rømme inn i barnehagen når dei helst skulle vore ute.

– Eg hadde ein tilsett som var gravid. Ho blei sjukemeld fordi ho blei skikkeleg dårleg av lukta, seier styraren.

Inger Lise Fostenes ser ut vinduet fra kontoret sitt i barnehagen.

Lukta set seg i hår og klede. Og inne kjem lukta via ventilasjonsanlegget.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

For eit steinkast unna ligg det ein fabrikk som produserer biosubstrat.

Sidan våren 2021 har fabrikknaboar sendt nesten 600 luktklager til Miljøfôr Vest og Statsforvaltaren i Rogaland.

Kallar klagemengda unik

– Dette er ei av verksemdene som har fått flest klager. Det som er spesielt her er at klagene kjem frå eit ganske bredt spekter av folk. Det er litt unikt, seier fagleiar for forureining, Kirsten Redmond Kristiansen.

Kirsten Redmond Kristiansen

Kirsten Redmond Kristiansen er fagleiar for forureining hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Foto: Carina Johansen / Statsforvaltaren i Rogaland

Berre i år har verksemda fått 174 klagar på lukt. Klagane er sendt inn på 71 ulike dagar. Frå 34 ulike adresser.

Klagarane fortel om barnebarn som ikkje vil komme på besøk fordi det luktar så ekkelt. Om fine dagar som ikkje kan nytast ute, og om å møte ein vegg av stank når dei kjem køyrande heim frå jobben.

Ein nabo brakk seg under hagearbeidet. Og ein annan beskriv ei lukt som ligg ein stad mellom tynnskit og spy.

Dei same avvika gjentok seg

Alt byrja i 2018 då Miljøfôr flytta frå eit hamneområde med andre verksemder til ei industritomt i eit bustadområde.

Ifølge Google Maps ligg næraste bustad 44 meter frå fabrikken.

Etter flyttinga endra dei verksemda frå produksjon av dyrefôr til biosubstrat.

Men av Statsforvaltaren, den gong Fylkesmannen, fekk dei lov til å drifte utan utsleppsløyve, med atterhald om saka måtte vurderast på nytt dersom det var til sjenanse for naboane.

Våren 2021 kom dei første naboklagane.

Difor kom Statsforvaltaren på inspeksjon og bad verksemda gjere analysar som kunne talfeste luktutsleppa og dokumentere korleis lukta påverka naboane.

Resultata gjorde at Statsforvaltaren bad Miljøfôr Vest søke løyve til å drive verksemd etter forureiningslova.

Denne blei innvilga våren 2023.

Men klagane heldt fram og i august same år kom Statsforvaltaren på eit nytt tilsyn.

Her avdekka dei tre avvik:

  • Luktrisikovurderinga er ikkje tilstrekkeleg.
  • Dei manglar internkontroll og dokumentasjon i tråd med løyve.
  • Dei overskrid luktkravet i utsleppsløyvet.

Eit år seinare, i august i år, avdekka ein ny inspeksjon to avvik:

  • Internkontroll med omsyn til lukt er ikkje tilstrekkeleg.
  • Dei overskrid luktkravet i utsleppsløyvet.

Avvika er identiske med dei frå 2023.

– Det er alvorleg når dei same avvika kjem igjen, seier Kristiansen hos Statsforvaltaren i Rogaland.

Miljøfôr Noreg har anlegg i Akershus og på Karmøy. Michel Fjeldstad er dagleg leiar.

Michel Fjeldstad

Dagleg leiar i Miljøfôr Noreg, Michel Fjeldstad.

Foto: Privat

– Det eine avviket gjeld mottakskontrollen. Der lagar vi nye avviksskjema i tråd med råda frå Statsforvaltaren. Vi beklagar at vi har misforstått dette. Når det gjeld lukt er vi ikkje heilt einige i det avviket, seier Fjeldstad.

Han opplyser at ein ekstern aktør har tatt nye luktprøvar, og at dei ventar på resultatet av desse nå.

Ueinig i lukta

– Klagemengda nærmar seg 600. Kva er din kommentar til at det kjem så mange klager?

– Det er beklageleg, men vi gjer tiltak heile tida. Nå har vi akkurat hatt ny service på alle reinseanlegg. Når det kjem klager tar vi dei på alvor, seier han.

– Naboar fortel at dei ikkje kan vere ute, at dei blir fysisk dårlege og at dei ikkje kan ha besøk. Kva tenker du om det?

– Det høyrest ikkje bra ut i det heile tatt, men vi har brukt mykje tid på dette og får ikkje same følelsen, men lukt er jo veldig individuelt.

På spørsmål om plasseringa av anlegget så tett opp til bustader, skule og barnehage, svarar Fjeldstad at verksemda er plassert i eit industriområde og at bustadane ikkje ligg så nærme.

Fjeldstad seier også at dei har fleire anlegg som produserer same produkt der det ikkje er problem med naboklager og at ingen av desse har like omfattande reinseanlegg som fabrikken på Karmøy.

Kommunelegen bad om møte

Verksemda må innan 7. oktober melde frå om korleis dei har retta avvika. I tillegg har Statsforvaltaren bede Miljødirektoratet om råd.

– Utsleppsløyvet ligg til klagebehandling hos Miljødirektoratet, men vi har også teke kontakt med dei i forhold til lovverket rundt dette med lukt, for det er ekstremt vanskeleg å regulere, seier Kristiansen.

Det er ein nabo til verksemda som har klaga på at dei fekk løyve i utgangspunktet. Men Statsforvaltaren har ikkje funne grunn til å endre vedtaket og har difor sendt saka vidare til Miljødirektoratet.

Og sjølv om løyvet blei gitt med vilkår, blant anna når det kjem til lukt. Er det ikkje berre å trekke det tilbake.

– På generelt grunnlag skal det litt til for å trekke eit løyve. Det skal vere grovt misleghald og det vil nesten alltid vere ein periode der vi først bruker andre verkemiddel. Men vi vil følge opp resultatet av tilsynet og dersom dei ikkje rettar avvika innan fristen vil vi vurdere andre verkemiddel. Som til dømes tvangsmulkt, forklarar Kristiansen.

I mellomtida renn luktklagane inn hos Statsforvaltaren, sjølv om det er verksemda som skal ha dei.

– Det er verksemda som skal ta imot klagene og føre desse som avvik i sine system og gjere tiltak for å rette dei. Men eitt av funna i tilsynet var at verksemda ikkje nødvendigvis gjer dette. Vi håpar å få eit godt svar på korleis verksemda vil jobbe med dette framover. Det tar tid og vi forstår det er frustrerande for naboane.

Også Karmøy kommune har fått tilsendt klager frå innbyggarar.

Kommuneoverlege Eva Biringer bad nyleg om eit møte med Statsforvaltaren.

Kommunelege i Karmøy, Eva Biringer står utanfor Rådhuset i Karmøy.

Kommuneoverlege i Karmøy, Eva Biringer.

Foto: Karmøy kommune

– Som kommunelege er eg opptatt av innbyggarane si helse og ser på det som mi oppgåve å følge med på denne saka. Basert på klagemengda som er komme inn til kommunen og Statsforvaltaren, tenker eg dette er noko mange innbyggarar opplever som ubehageleg i periodar, seier ho.

Meiner det er meir barnegråt på dei verste dagane

Laila Langaker får vondt av ungane i barnehagen.

– Dei kjem bort og spør kvifor det luktar så ekkelt. På dei verste dagane er det også meir barnegråt, fortel ho.

Men bygda er også heimplassen hennar og ho har sendt fleire klager. Håpet er at fabrikken flyttar.

Laila Langåker

– Det er sånn at ein vurderer om ein skal halde fram med å bu her, men eg er jo så glad i plassen, seier Laila Langaker.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Vi skjønar ikkje korleis nokon kan velje å flytte eit slikt anlegg til ein plass med barnehagar, skular og mange hus, seier ho.

Hei!

Har du tankar om saka du nettopp las, eller tips til andre ting eg burde sjekke ut? Send meg gjerne ein epost! 

Publisert 28.09.2024, kl. 10.48

Read Entire Article