– Viss denne krigen fortset, står me på randa av å mista ein heil generasjon av barn, seier kommunikasjonssjef Juliette Touma i UNRWA, ifølge Al Jazeera.
UNRWA er FN-organisasjonen for palestinske flyktningar.
Touma seier minst 600.000 barn har mista moglegheita til utdanning sidan krigen i Gaza starta i oktober. Ho fryktar det kan gjera dei sårbare for rekruttering til militære grupper, men òg barnearbeid og barneekteskap.
Hittil er over 38.295 personar drepne i Gaza sidan 7. oktober.