Flyktar frå krigen i Libanon: – Takk Gud for at vi er trygge

6 days ago 8


Det er onsdag ettermiddag i Milano i Italia. Eit fly frå Beirut har akkurat landa på Malpensa-flyplassen.

Ut av flyet kjem glade menneske som møter sine kjære i ankomsthallen.

Den italienske fotografen Claudia Greco fangar augneblinken då klem møter klem.

Dei har kome seg vekk frå Libanon og den massive israelske bombinga.

Det same skjer på andre flyplassar i Europa og Midtausten. Alle fly ut av Libanon er fulle og prisane skyhøge.

Passasjer fra Beirut kommer til Milano

Ein mann og ei kvinne møter kvarandre med ein varm klem på flyplassen i Milano. Ho har nett kome med eit fly frå Beirut.

Foto: Claudia Greco / Reuters

På Heathrow i London gret den godt vaksne libanesiske mannen Mounira gret når han møter igjen sine kjære.

– Takk Gud for at vi er trygge. Vi er lei oss for dei som er igjen og dei som mistar livet, seier Mounira.

Vel vitande om at han er blant dei heldige som har kome seg ut av Libanon.

Føler på skuld

Abbas Chamseddin og kona Sana kom til Heathrow sist laurdag. Sana fortel at ho føler på skuld fordi ho reiser.

Men onkelen hennar, kona hans og dei tre døtrene deira blei drepne i eit av dei israelske åtaka.

Abbas Chamseddin og kona Sana

Abbas Chamseddin med kona si Sana og dei to sønene deira Zien og Jawad (i buggy) på Heathrow flyplass etter at dei flaug inn frå Beirut.

Foto: Pol Allingham / Pa Photos

Den israelske krigføringa mot Hizbollah har vore massiv.

Offensiven starta med å sprenge elektronisk utstyr. No er det bomber og rakettar som treff meir og meir sentrale strok av Beirut.

På Heathrow står kvinna Solange og ventar på sin 13 år gamle son.

– Eg er sint, trist, skuffa og føler meg hjelpelaus av det som no skjer i Libanon, seier ho til Sky News.

Men det er berre dei færraste som har råd og høve til å ta fly vekk frå krigen. Dei fleste må leve og bu der dei er, med dei konstante farane hengande over seg.

Marwa Al-Jamal, farmasøyt

Marwa Al-Jamal framfor apoteket ho driv i eit område mange søkte seg til fordi det skulle vere trygt.

Foto: Khatchig Awedkian / NRK

– Vi er ikkje trygge

Like ved ein av hovudfartsårene frå flyplassen inn til Beirut sentrum, møter NRK Marwa Al-Jamal.

39-åringen driv eit apotek like ved eit av bygga som blei angripe av ei israelsk drone. Målet for dronen skal ha vore leiarar for ein palestinsk milits.

Al-Jamal blei vekt av tilsette på apoteket som såg angrepet som skjedde i det alle trudde var eit trygt område.

– Sjølv på den tryggaste staden er vi ikkje trygge. Vi veit ikkje kva vi skal gjere, seier ho.

Ho fryktar at Beirut skal lide same skjebne som Gaza, som har blitt bomba sunder og saman av israelske styrkar.

– Eg blei verkeleg sjokkert. Dette skulle vere ein av dei sikraste stadane.

Marwa Al-Jamal blir i Beirut, enn så lenge.

Syriske flyktninger i Sidon, Libanon

Syriske flyktningar i Sidon i Libanon.

Foto: Aziz Taher / Reuters

Mange flyktar austover

Straumen av folk som flyktar ut av landet aukar for kvar dag. Mange, både syrarar og libanesarar, legg turen austover mot Syria.

FN sin høgkommisær for flyktningar, Filippo Grandi, opplyser at rundt 100.000 har klart å kome seg til og over grensa til Syria.

– Straumen av flyktningar held fram, skriv Grandi på X.

Frå før er Libanon eit av dei landa i verda med høgast tal på flyktningar. Mellom anna om lag 1,5 millionar syrarar.

Yama Wolasmal viser bustadblokka som blei bomba av Israel natt til måndag.

IDF hevder at Hizbollahs leder er drept. Hva skjer nå? Tidligere eier av luksusvarehus er anklaget for overgrep. Den amerikanske økonomien blir viktig i valgkampen. Morten Jentoft oppsummerer en lang utenriks-karriere.

Publisert 30.09.2024, kl. 18.57

Read Entire Article