Endringane ved Agder fengsel si avdeling på Evje vert stor neste år. Det skriver avisa Setesdølen. I går blei det kjent at avdelinga vert eit reint ungdomsfengsel for innsette mellom 15 og 18 år.
Inspektør Ragnhild Nomeland seier til avisa at soningsplassane for ungdom får ei rekkje ringverknader for distriktet.
–Me må mellom anna doble bemanninga, noko som gjer at me går frå 25 årsverk til over 50. I tillegg vil ein ha ei rekkje samarbeid med både Hornnes vgs, barnevern og spesialhelsetenesta med meir. Dette gjer at me kan bygge opp eit fagmiljø, seier ho til avisa.