Nyheitsbyråa AFP og Reuters melder om høge eksplosjonar i Beirut, Libanons hovudstad.
Litt før klokka 17 melder det israelske forsvaret at dei utfører åtak mot mål i Sør-Libanon.
NRKs korrespondent på staden, Yama Wolasmal, stadfestar at det har vore fleire store smell heilt sør i Beirut og at ein kan sjå ei kraftig røyksky i området.