Fleier hustak blåste av etter uvêr på Os

1 month ago 12


Deler av taket på ein firemannsbustad i Hagavik i Os har blåse av, flydd om lag 100 meter og treft ein husvegg.

Ingen er heime i huset og ingen er skadde.

Det melder politiet.

Det er også skade på eit anna bustadbygg, der taket skal ha letta og landa igjen.

Fire personar er evakuerte.

Øydeleggingar etter uvêr på Os

Det er store øydeleggingar etter uvêr på Os.

Foto: Rene Dyngeland

– Ein evakuert til lokal brannstasjon, dei andre besørger seg sjølv, opplyser operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i politiet.

Rene Dyngedal er ein av naboane til dei som mista taket.

Ifølge han kom det mykje vind, regn, lyd og tore omtrent samstundes.

Han tok ungane og løp ned i kjellaren i tilfelle det skulle komme plankar og takplanter.

– Det begynte å regne som eg aldri har sett før. Det var masse bråk og eg såg nesten ikkje ut vindauga

Vind på Os

Takstein ramla ned etter uvêr på Os.

Foto: Rene Dyngedal

Store øydeleggingar på idrettsanlegg

Idrettsanlegget til Nore Neset har også fått store skader.

Vaktmeister Steinar Hesthamar var den første på staden etter uvêret.

Han seier at det er store skadar på både bygg og på kunstgrasbana.

Det ser ut som ganske forferdeleg ut.

Ifølge han vil dei måtte stenge av idrettsanlegget for ein periode.

– Det er heilt forferdeleg for idrettslaget og barn og unge som er her til vanleg.

Rolegare no

Dahl-Michelsen melder at det er rolege vindforhold på staden no, men då dette stod på var det veldig kraftig vind.

Ifølge han har det vore kraftig vind som har treft lokalt.

Det er også skader på bilar og enkelte takstein som har flydd av tak.

Det er også meldt om lynnedslag på staden og skade på bilar.

Publisert 24.08.2024, kl. 11.26 Oppdatert 24.08.2024, kl. 11.30

Read Entire Article