Flaum stenger vegar: Elbilist Magnus vågar ikkje køyre gjennom vassmassane

3 weeks ago 14


Vy har innstilt toga på Bergensbanen natt til torsdag og ut dagen grunna ekstremvêret som herjar landsdelen.

Det går derfor ikkje tog mellom Oslo og Bergen, og heller ikkje mellom Voss og Bergen. Det gjeld også Flåmsbana.

Fleire fylkesvegar vart tidleg stengde torsdag for å vere føre var.

Følgande vegar er no stengde i Vestland:

  • Riksveg 13 Stana, mellom Odda og Lofthus er stengd etter eit steinras.
  • Fv. 5198 i Sædalen i Bergen er stengd grunna flaum.
  • fv. 49 Nordrepollen – Austrepollen.
  • fv. 55 - Sognefjellet
  • fv. 609 Førde – Askvoll.
  • fv. 5110 ved Tveitnes i Øvre Hålandsdalen.
  • fv. 5600 Vik – Framfjorden.
  • fv. 5602 Vangsnes – Fresvik.
  • fv. 5623 Gudvangen – Bakka.
  • fv. 5625 Aurland – Skjærdal.
  • fv. 5627 Skjolden – Urnes.
  • fv. 5637 Luster.
  • fv. 5720 Djupedalen i Stryn.
  • Midjevegen i Aurland og vegen til Bakka og Skjerdal.

Følgande fylkesvegar er no stengde i Møre og Romsdal:

  • fv. 5296 Eidsdal og Norddal
  • fv. 5912 Festøya ferjekai i Ørsta til Standal ferjekai.

Oversvømt veg stansar bilistar på lokalveg i Bergen

Hjortlandsveien i Åsane i Bergen er oversvømt og gjer det vanskeleg for bebuarane i området å komme seg ut med bil.

– Eg vågar ikkje. Det er ikkje verdt det. Dette er det kritiske punktet her i dalen, seier elbilist Magnus Reitan.

bilist på oversvømt veg

Magnus Reitan vågar ikkje køyre til jobb gjennom den oversvømte Hjortlandsveien i Åsane i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han er lærar og skulle hatt vikartimar i kroppsøving, men må berre dra heim att.

– Hadde eg hatt bensinbil, skulle eg køyrd på. Men eg gjer ikkje det med elbil, det blir alt for kostbart, seier Reitan.

Han var ikkje heilt førebudd på den lokale oversvømminga, men har opplevd det tidlegare.

– Sist var vi heldige, for då skulle kona mi frå jobb og eg skulle til jobb. Så då vassa vi over og bytta bil, smiler han.

Hybrid-bilist prøver lukka

Bussjåfør Rune Einvik vil heim og legge seg etter nattevakt, og prøvar seg med hybridbilen gjennom vassmassane.

– De kjem og skubbar om det ikkje går, fleipar han.

Masse lauv og anna hindrar at vatn ikkje kjem seg ned ristene langs vegen. Arbeidarar frå Løvaas Maskin jobbar med å fjerne det.

– Det kjem alt for mykje vatn frå fjellet, og så mykje boss at vi må stå heile tida og opne att, seier Arnoldas Dedura.

Han fortel at kollegaane hans er over heile Bergen i dag.

– Det er nok mykje kaos i Indre Arna, trur han.

Publisert 31.10.2024, kl. 11.28 Oppdatert 31.10.2024, kl. 11.35

Read Entire Article