Klokka 06.50 tysdag morgon fekk naudetatane melding om brann i eit leilegheitsbygg på Kronstad i Bergen.
– Det var kraftig røyk, og opne varme flammar frå eit vindauge i andre etasje, seier vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen Vest til NRK.
Då brannvesenet kom til staden hadde to personar komme seg ut på eiga hand.
– Me fekk ut ytterlegare to personar, som står fram som oppegåande. Dei får tilsyn av helsepersonell på staden, fortel Lund.
Frykta at folk søv
Innsatsleiar i brannvesenet, Jan Aase, seier til NRK på staden at dei slo full alarm då meldinga kom.
Til saman 20 brannfolk, frå tre stasjonar, rykte ut.
– Då me kom til bygget så velta det kraftig svart røyk ut. Me gjorde oss klare for livreddande innsats, og prioriterte å få inn røykdykkarar, seier Aase.
Sidan det var tidleg om morgonen frykta dei at folk kunne liggja å sova i det brannråka bygget.
– Me gjorde grovsøk i tre etasjar, og fann to personar som me fekk ut, fortel Aase.
Bybanen innstilt
Klokka 07.03 meldte brannvesenet at dei hadde kontroll på brannen.
– Me driv no med finsøk med røykdykkarar inne i bygget, fortel Lund.
Ifølgje politiet er det ikkje meldt om skadde eller sakna personar etter brannen.
Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt opplyser at alle dei involverte er sendt til sjukehus for sjekk.
– Dei er skildra som gåande pasientar, opplyser han.
Brannvesenet måtte be om straumutkopling for Bybanen grunna brannen.
Den vart innstilt mellom Slettebakken og Byparken, melder Skyss.
Klokka 07.46 gjekk bybanen igjen.
Det er førebels uvisst kva som er årsaka til brannen, ifølgje politiet.
Publisert 11.06.2024, kl. 07.40 Oppdatert 11.06.2024, kl. 08.11