Fersk rapport avdekker utbreidd hets av utøvarar: – Det er veldig vondt

2 weeks ago 6


– Det er synd at det er sånn. Som ein person som har vakse opp med minoritetsbakgrunn i Noreg, veit eg kor kjipt det er å få slike kommentarar som går på etnisitet, seier Lakeri Ertzgaard til NRK.

Det internasjonale friidrettsforbundet (WA) publiserte denne veka ein rapport frå OL i Paris, der det kom fram at meir enn 800 tilfelle av netthets ramma friidrettsutøvarar.

Der kjem det fram at utøvarar for over 20 ulike nasjonar blei ramma, og at nesten halvparten av meldingane og innlegga var av rasistisk eller seksuell karakter.

Norges stafettlag (4x400 meter) under OL i Paris.

NOREGS 4x400 METER STAFETTLAG: Elisabeth Slettum (frå venstre), Amalie Iuel, Lakeri Ertzgaard og Josefine Tomine Eriksen stilte til start i Paris. Samhaldet har vore eit varemerke for stafettjentene. Dei sprang også under EM i Roma tidlegare på sommaren.

Foto: JEWEL SAMAD / AFP

– Veldig vondt

Ertzgaard deltok i OL i Paris på det norske stafettlaget på 400 meter, og har sjølv opplevd at kommentarfelta på sosiale medium lever sitt eige liv.

I eitt av videoinnlegga blir ho skulda for å ha forrådd dei afrikanske røtene sine.

– Eg hadde ein video som fekk mange «views», trur kanskje det var 100.000. Det var ein video av meg i norsk landslagsdrakt, og da var det mange som kommenterte at dei synest det var rart at eg som har gen frå Afrika sprang i denne norske landslagsdrakta.

Ho prøver å ikkje la kommentarar gå inn på seg, men erkjenner at det kan vere vanskeleg å oversjå. Samtidig meiner ho det seier meir om avsendar enn mottakar.

– Eg veit kor lei meg eg blir når eg får kommentarar på at eg er brun eller har annleis hår enn andre, eller at eg kjem frå andre stader eller har eit anna namn eller kva det måtte vere. Det er veldig vondt.

– Er du overraska over at det stadig skjer og at det stadig er eit tema?

– Nei, eg synest ikkje det er overraskande. Det er lettare å kaste ut ting bak ein anonym brukar. Eg synest det er overraskande kor mykje merkelege haldningar folk har når det gjeld rasisme og kroppsdiskriminering, som dei har eit behov for å dele.

Dei siste fire åra har World Athletics overvakt sosiale medium for å dokumentere hetsen. Snart kjem ein større rapport basert på alle funna. Ertzgaard meiner det er viktig å sette søkelys på problematikken.

Ho får støtte av Marjan Nadim, som har doktorgrad i sosiologi.

– Det er særleg viktig for dei som opplever netthets å vita at dei ikkje står åleine. Kanskje kan merksemd rundt tematikken gjera at forbund til dømes byggjer opp ein beredskap for korleis dei skal støtta utøvarar som står i det, seier ho og held fram:

Marjan Nadim

SOSIOLOG: Marjan Nadim har doktorgrad i sosiologi har hatefulle ytringar og ytringsfridom som et av sine forskingsinteresser.

– Det kan også bidra til medvit i befolkninga generelt om at det du skriv på internett kan få konsekvensar for andre. Det sit ekte menneske og tek imot dette.

Sletta appane

Norske profilar som Narve Gilje Nordås og Marie Therese Obst har tidlegare tatt drastiske grep for å unngå støyen. Nordås sletta appane frå mobilen under OL.

Tobias Grønstad opplevde det store gjennombrotet sitt i 2024 med eit råsterkt løp under Bislett Games, som leidde til deltaking i EM og OL på 800 meter. Han har fjerna appane frå telefonen, og berre behalde dei på iPaden.

22-åringen omtalar rapporten som trist.

– Det er sannsynlegvis folk som ikkje har det så greitt med seg sjølve.

NFIF-samling

REDUSERER NÆRVÆRET: Tobias Grønstad prøver å bruke mindre tid på sosiale medium enn før. Det stel fokus.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

Grønstad unngår kommentarfelta så langt det er mogleg. Der er det mest tull.

Han har sjølv merka seg at folk ofte finn eit negativt fokus, som da han sette norsk rekord på 600 meter tidlegare i år.

– Da var det mange som ville sette norsk rekord på 37,5 meter og veldig mykje. Eg har opplevd at det er låg terskel for å skrive mykje drit.

Rasisme og sexistisk hets

Nesten halvparten var retta mot utøvarar frå USA, sjølv om dei berre utgjorde 8 prosent av dei som blei overvakte. To av utøvarane blei utsette for 82 prosent av all hetsen.

Rasisme var den hyppigaste forma for nedsettande meldingar mannlege utøvarar fekk, mens kvinnene ofte fekk seksuelt og sexistisk hets.

Nadim seier netthets ofte har ei rasistisk eller sexistisk form:

– Ofte kan det verka som ein tek tak i det mest framståande ved utøvaren ein ønskjer å ramma. Det er ofte utsjåande, etnisk bakgrunn eller kjønn hetsen rettar seg mot. Hetsen knyter seg til kven dei er, særleg når det gjeld menneske med minoritetsbakgrunn.

– Det er kanskje ikkje til å legge skjul på at ting blir meir seksualisert, kanskje særleg mot jenter. Det er noko vi jentene snakka litt saman om, seier Andrea Rooth, som representerer det norske landslaget som satsar mot OL i Los Angeles i 2028.

Athletics, Norwegian Championships 2023, day 3

TALENT: Andrea Rooth er kusina til tikjempar Markus Rooth.

Foto: BILDBYRÅN NORWAY

– Ein skal ikkje tenke over det, men så lenge det ikkje går inn på ein, tenker eg kanskje det er best å skyve det litt bort.

Ho opplever det som støy, men har foreløpig ikkje blitt påverka i særleg grad. Samtidig understrekar ho at respekten er stor for dei som blir utsette for det.

– Eg håpar at vi først og fremst kan fokusere på idrettsprestasjonane.

Publisert 04.11.2024, kl. 17.35

Read Entire Article