Fem bussar i brann i Aukra

1 week ago 7


Det er også fare for spreiing til eit lokale like ved.

– Sløkkearbeidet skjer samtidig som det blir jobba med å få fjerna bussane, opplyser politiet.

110-sentralen opplyser at det starta å brenne i ein buss som sto på Aukra Auto, og at det raskt spreidde seg til to som sto ved sida av. No er talet oppe i fem.

Det er mykje røyk i området ved Aukra Auto.

Det er mykje røyk i området ved Aukra Auto.

Foto: Idar Varhaugvik

– Resterande bussar er flytta unna så det er ikkje er fare for spreiing til dei. Sløkkinga pågår no, og det er ikkje kontroll på staden, opplyser vaktleiar ved 110-sentralen, Jon Rune Lillebø.

Brannen skjedde ved Riksfjordvegen på Aukra.

Publisert 28.09.2024, kl. 12.20 Oppdatert 28.09.2024, kl. 12.59

Read Entire Article