Fekk ikkje utbetalt lønn på tre månader – nå er han tilkjent 25 millionar

1 month ago 8


Den tyrkiske toppklubben Antalyaspor er dømt til å betale Zymer Bytyqi 315 000 euro i uteståande lønn, og dessutan 1,78 millionar euro i kompensasjon for kontraktsbrot.

Det betyr at Antalyaspor skuldar fotballspelaren vel 25 millionar kroner, i tillegg til fem prosents rente.

Det kjem fram i ei rettsavgjerd frå Fifa, datert til juni i sommar.

NRK har prøvd å komme i kontakt med Zymer Bytyqi, agenten hans Jim Solbakken og Antalyaspor. Dei har ikkje svart på førespurnadene våre.

Leiar i Norske idrettsutøveres sentralorganisasjon (Niso), Kristoffer Vatshaug, fortel til NRK at problemstillinga ikkje er ny. Han understrekar at han ikkje har vore innblanda i Bytyqi-saka og uttaler seg på generelt grunnlag.

– Dette liknar på mange andre saker vi er borti i løpet av året. Dessverre ser vi dette både på herre- og kvinnesida i internasjonal idrett, seier Vatshaug.

NISO-leder Kristoffer Vatshaug er kjent med at enkelte spillere ikke har fått lønn i utlandet.

Niso-leiar Kristoffer Vatshaug er kjent med at enkelte spelarar ikkje har fått lønn i utlandet.

Foto: Caroline Mitchell Larød / NRK

9 millionar i årslønn

Den tidlegare Viking-spelaren herja med høgrebackar i Eliteserien i ei årrekke, før han prøvde lykka i utlandet i 2021.

Zymer Bytyqi var lenge en yndling hos Viking. Her har han nettopp scoret mot Aalesunds i 2020.

Zymer Bytyqi var lenge ein yndling hos Viking. Her har han nettopp skåra mot Aalesunds i 2020.

Foto: NTB

I fjor sommar signerte Bytyqi ein treårskontrakt med Antalyaspor, som sesongen før hadde enda på 13.-plass i tyrkiske Süper Lig.

Der skulle han få utbetalt ei årleg lønn på 770.000 euro, 795.000 euro og 845.000 euro for kvar sesong, ifølge rettsavgjerda.

Terminerte kontrakten

Bytyqi var på banen i nært sagt i kvar kamp, og noterte seg for éi skåring og to målgivande pasningar i serien.

Men 28-åringen fekk verken utbetalt lønn for januar, februar eller mars 2024, ifølge Fifa-dommen.

Dermed terminerte fotballspelaren kontrakten sin med klubben den 23. april i år, etter å ha komme med eit skriftleg varsel i forkant.

– Det er tydelege retningslinjer på dette. To månaders uteståande lønn gir skilleg grunn til oppseiing av kontrakten. Men det fungerer ikkje alltid sånn i praksis, dessverre. Det må samarbeidast mellom arbeidsgivar og arbeidstakar, seier Niso-leiar Vatshaug.

Zymer Bytyqi har en rekke aldersbestemte kamper for Norge, men valgte å spille landslagsfotball for Kosovo. Her i duell mot Sveriges Emil Krafth.

Zymer Bytyqi har ei rekke aldersbestemte kampar for Noreg, men valde å spele landslagsfotball for Kosovo. Her i duell mot Sveriges Emil Krafth.

Foto: AFP

– Som at du krev pengar du ikkje har krav på

Ein som har opplevd noko av det same i Tyrkia er Fredrik Gulbrandsen. Mellom 2019 og 2022 spelte han for İstanbul Başakşehir, deretter ein sesong i Adana Demirspor.

I podkasten «Mush Hour» har han tidlegare snakka om utfordringa med å få lønn til avtalt tid.

– Eg kan seie det sånn at eg aldri på mine fire og eit halvt år i Tyrkia fekk lønn på rett dag. Det har variert mellom to–tre til sju månader utan lønn, sa 32-åringen i podkasten.

– Er det ei spesiell utfordring at spelarar ikkje får betalt i Tyrkia, Kristoffer Vatshaug?

– Generelt er det ikkje veldig store utfordringar i europeisk idrett knytt til lønnsutbetaling, men det kan finnast, og det har vore fleire slike tilfelle i Tyrkia dei siste åra, seier Niso-sjefen.

Fredrik Gulbransen har fire år i tyrkisk fotball bak seg. Her i en kamp mot Roma.

Fredrik Gulbrandsen har fire år i tyrkisk fotball bak seg. Her i ein kamp mot Roma.

Foto: Reuters

– Det er slik at viss du spør, så er det som at dei føler at du angrip dei. Det er som at det er du som krev pengar du ikkje har krav på, sa Gulbrandsen i podkasten.

– Vondsinna intensjonar

I tilsvaret sitt til Fifa anerkjente Antalyaspor at dei hadde finansielle problem, men meinte at dei hadde hatt samtalar med spelaren.

Dei meiner vidare at Bytyqi handla med vondsinna intensjonar, og sa opp kontrakten for å sko seg.

– Dette viser det klassiske spelet som oppstår når ein utøvar utfordrar klubben på å få utbetalt lønna si. Det er ikkje vanskeleg å sette seg inn i kvifor klubben gjer det, seier Niso-leiar Vatshaug.

I Fifa-domstolen vann Bytyqis side av saka. Domarane konkluderte med at han hadde rett til å terminere kontrakten ettersom klubben ikkje hadde halde oppe dei finansielle obligasjonane sine.

Zymer Bytyqi dro fra Viking og Stavanger etter at kontrakten hans gikk ut i 2021.

Zymer Bytyqi drog frå Viking og Stavanger etter at kontrakten hans gjekk ut i 2020.

Foto: BILDBYRÅN

Antalyaspor fekk 45 dagar på seg til å betale summen. Viss ikkje risikerer dei å få ein overgangsnekt på tre overgangsvindauge.

Verken NRK eller Niso er kjent med om saka er anka inn til CAS.

Publisert 25.10.2024, kl. 13.06

Read Entire Article