Far og son åt frukost då aksjonen starta. Dei ante ikkje at det var gissel i naboleilegheita.

5 months ago 47


Fire dagar etter at israelske soldatar henta ut fire gissel og drap fleire hundre palestinarar inne i Nuseirat-leiren i Gaza, kjem det stadig ny informasjon om kva som skjedde den dagen.

Laurdagens hending vert kalla ein redningsaksjon av nokre, ein massakre av andre.

Etter det augevitne inne i flyktningleiren fortel til eit palestinsk journalistteam som NRK samarbeider med, var det begge delar.

Videoen viser scener frå laurdagens angrep på Nuseirat. Israel henta ut fire gissel, men FN er sjokkert over omfanget på sivile tap i operasjonen.

Ifølgje helsestyresmaktene i Gaza vart 274 palestinarar drepne og 698 skadde. IDF anslår under 100 «casualties».

Legg ein tala frå palestinsk side til grunn, gjorde redningsaksjonen laurdag til ein av dei mest blodstenkte dagane i Gaza på fleire månadar.

Flyktningleiren Nuseirat husa ein kvart million internt fordrivne.

Skal ha kledd seg ut som Hamas-soldatar

Det var tjukt av folk på veg til og frå ein marknad like ved butikken deira, då far og son Khalil Althrawi og Abed Al-Rahman Althrawi åt frukost laurdag morgon.

Ein gong mellom klokka 11 og 12 stoppa ein stor lastebil fylt med møblar og diverse hushaldningsartiklar, deriblant gassomnar, i gata, fortel far og son Althrawi.

– Det såg ut akkurat som når nye flyktningar kjem til gata, seier Abed.

Men ut av bilen kom det rundt 20 væpna menn kledde som Hamas-soldatar, fortel han. Fleire augevitne fortel det same til media. Det israelske forsvaret (IDF) har enno ikkje kommentert om soldatane var forkledde.

I redningsaksjonen for å frigjere fire israelske gislar, vart Nuseirat angripen med missilar.

Ahmed Abu Kmeil

Det som skulle vise seg å vere israelske soldatar skaut ifølgje Abed på alt som rørte seg med ein gong dei kom ut av lastebilen.

– Viss nokon bevegde seg eller stakk hovudet fram, vart dei skotne. Viss nokon prøvde å ta eit bilete eller filme, vart dei skotne. Dei skaut mot leilegheita vår, mot bror min og søstera mi, seier han.

Gissel i naboblokka

Gissela vart haldne av Hamas i to bustadblokker midt blant den palestinske sivilbefolkninga, ifølge Daniel Hagari i det israelske forsvaret (IDF).

Verken Abed eller Khalil ante at det var gislar i nabobygga, seier dei. Men det skjønte dei raskt då dei såg scena som spelte seg ut framfor auga på dei:

Khalil fortel at soldatane henta ut to stigar som dei brukte til å klatre opp til balkongen til ei leilegheit like ved. Han anslår at dei brukte eitt til to minutt på å kome seg dit etter å ha kome ut av lastebilen, for så å bryte seg inn og skyte ein mann, svigerdottera hans, sonen hans og ein anna mann.

Abed og Khalil gjenfortel aksjonen slik dei hugsar han.

Ahmed Abu Kmeil

Abed kallar mannen «dokter Ahmed». Dette var Ahmed Al-Jamal, ein lege som IDF har stadfesta vart drepen i leilegheita si.

Det var ifølge IDF i denne leilegheita gisselet Noa Argamani vart redda ut frå. Argamani og kjærasten hennar vart kidnappa då Hamas angreip ein musikkfestival like ved grensa til Gazastripa 7. oktober.

Israelske Noa Argamani vart bortført av Hamas 7. oktober. Ho ropar desperat til kjærasten Avinatan Or, som også vert bortført her. Han er framleis inne i Gaza.

Sonen som vart drepen var Abdallah Al-Jamal, ein journalist i The Palestine Chronicle som også har jobba frilans for Al Jazeera.

Ifølgje Abed skaut den fjerde mannen i leilegheita tilbake mot dei israelske soldatane.

Bomba leiren etter uttrekking

Dei israelske soldatane trekte seg tilbake under «intens skyting», seier IDFs Hagari til CNN. Abed og Khalil fortel til teamet NRK samarbeider med at soldatane hadde med seg eit eller fleire israelske gissel ut frå leilegheita.

Men før dette skjedde, kom ein anna nabo springande inn i butikken deira med skotsår i magen og i armen, fortel Abed.

– Etter at spesialstyrken trekte seg ut, evakuerte dei alle som var i blokka, i alle fall barna. Så bomba dei heile bygningen, seier Khalil.

Då dei hadde trekt seg heilt ut frå området, byrja dei å bombe husa og gata frå lufta, fortel han.

Barn i ruinane i Nuseirat.

Ahmed Abu Kmeil

– Heile gata vart øydelagt, seier Abed og peiker rundt seg.

– Butikken vår rista kraftig. Då trudde eg vi at vi kom til å døy. Eg bad barna om å be til Gud, seier Khalil.

Khalil fortel at familien og naboen søkte tilflukt på kontoret hans i kjellaren. Abed fortel derimot at dei søkte tilflukt på eit bad.

– Først var den skadde naboen krakilsk, så svima han av. Eg gav han førstehjelp, seier Abed.

– Bombinga var kontinuerleg frå fly og helikopter.

Begge anslår at bombinga av gata varte i rundt 20 minutt.

Behandla skadde på bakken

På grunn av den kraftige bombinga trekte mange i flyktningleiren til nærmaste sjukehus. Det vert rekna som ein tryggare plass, fortel Adham Algesen, leiar på akuttmottaket på al-Awda-sjukehuset i Nuseirat til journalistane i Gaza som NRK samarbeider med.

Medan legen var opptatt med å behandle skadde, uroa han seg for om familien hans som bur like ved sjukehuset var blant dei drepne.

– Etter ein time, då ting hadde roa seg ned, vart vi overraska over det enorme talet på skadde. Vi tok imot meir enn 250. Cirka 40 prosent av dei skadde var kvinner og barn. På sjukehuset er det berre 22 senger. Dei fleste behandla vi på bakken. Vi sleit med mangel på medisinsk utstyr og personale, seier Algesen.

Adham Algesen, leiar på akuttmottaket på Al Awada-sjukehuset i Nuseirat

Adham Algesen, leiar på akuttmottaket på al-Awda-sjukehuset i Nuseirat

Foto: Jebril Abu Kmeil

Han skildrar det som «dommedag».

– Det var så mange drepne og skadde, vi hadde ein lege per fire skadde. Det var mange pasientar som ikkje fekk behandling før etter ein til to timar. Det var mange som døydde fordi vi ikkje kunne behandle dei, grunna mangel på utstyr og personale.

Då Algesen og resten av helsepersonellet i sjukehuset i flyktningleiren hadde fått stabilisert pasientane, sende dei vidare til al-Aqsa-sjukehuset.

– Der måtte nokre pasientar vente i tre timar fordi det ikkje var nok personale der heller.

FNs menneskerettskontor er «djupt sjokkert» over omfanget på sivile tap etter operasjonen. Begge partar, både Israel og Hamas, kan vere skuldige i krigsbrotsverk, seier ein talsperson.

Grufulle bilete og videoar frå Nuseirat 8. juni har vorte delte på nett og sosiale medium. Lurer du på kvifor Instagram-feeden din ser så annleis ut enn NRK?

Publisert 12.06.2024, kl. 19.10

Read Entire Article