Fann sjøhest i Sandefjord: – Ekstremt uvanleg

1 week ago 6


– Dei symjar veldig rart. Også er den sånn skikkeleg hard.

Det seier Elmer Holt (9).

Han og kompisen Thomasz Macel Milevski (9) er med i ei utegruppe på skulen som er på tur kvar fredag.

Elmer Holt, Thomasz Macel Milevski og lærar Gisle Jonsson sitter på noen steiner i fjæra.

Elmer Holt, Thomasz Macel Milevski og lærar Gisle Johnson. fann sjøhesten under ein tur på Østerøya i Sandefjord.

Foto: Robert Hansen / NRK

– Utruleg spennande

Saman med dei andre elevane på Åsgården og Granly skole fekk dei seg ein skikkeleg overrasking på tur på Østerøya i Sandefjord sist fredag.

Ein sjøhest som svømmer i fjøra.

– Vi så den berre ligge og flyte i vatnet. Så kjem den berre mot Thomasz, seier Elmer.

Gisle Johnson er ein erfaren friluftslivlærar.

Men dette var nytt, også for han.

– Desse gutane leitar etter alt mogleg. Også kjem dei med denne og visste faktisk kva det var for noko. Det var utruleg spennande, for det er jo ekstremt sjeldan å sjå sjøhest, seier Jonnson.

To artar i Europa

Ingen av gutane har sett ein sjøhest før.

Og det er ikkje så rart.

I Europa finst to artar – langsnuta sjøhest (Hippocampus guttulatus) og kortsnuta sjøhest (Hippocampus hippocampus).

Desse førekjem mellom anna rundt Dei britiske øyar – frå Den engelske kanal og opp til Shetland.

Altså ikkje i Noreg.

– Eg visste ikkje sjølv at det var så sjeldan før eg fekk litt tips om det seinare, seier lærar Johnson.

– Liknar ei sjakkbrikke

– Den såg ut som ei sjakkbrikke. Så den ser nesten ut som ei leike eigentleg, som er litt uverkeleg. Men utruleg artig å sjå, seier Johnson.

Gutane låg sjøhesten oppi ein boks med vatn for at alle i klassen kunne få sjå på han.

Så slapp dei den vesle krabaten ut i havet igjen.

– Du ville ikkje ha den med heim?

– Nei, den overlever ikkje då, seier Thomasz.

Ikkje kvardagskost

Forskar Gro van der Meeren ved Havforskningsinstituttet bekreftar at det ikkje er kvardagskost med sjøhestar i norsk farvatn.

– Dette er det vi kallar ein sensasjon.

Ifølge forskaren er det rett nok ikkje første gang sjøhestar har blitt observert i Noreg.

Gro van der Meeren

Forskar Gro van der Meeren ved Havforskningsinstituttet.

Foto: Christine Fagerbakke / Havforskningsinstituttet

– Det har blitt sett sjøhestar i Larvik og ved Tjøme tidlegare. Kanskje dei har vore her i fleire år utan at nokon har fått auge på dei.

Van der Meeren seier sjøhestane svømmer rart og at dei svømmer veldig dårleg.

– Dei svømmer med ein liten ryggfinne mens dei står rett opp og ned i vatnet. Dei vrikkar seg fram liksom.

– Kan ikkje ha svømt til Noreg

Ho meiner denne sjøhesten umogleg kan ha svømt frå kysten av England til Noreg.

– Det klarer dei ikkje. Kanskje kan den ha blitt ført til Noreg med straumane, eller kanskje hengt fast i sjøgras eller søppel.

Forskaren seier det vart oppdaga fire-fem sjøhestar utanfor Danmark i fjor. I løpet av dei siste 40 åra har det blitt observert ti-tolv stykk i Noreg.

– Det er altså ekstremt uvanleg. Sjøhestar er svært vanskelege å finne, også der dei lever til vanleg.

Kort- eller langsnuta

Van der Meer seier det berre er to variantar av sjøhestar i Europa, anten kortsnuta eller langsnuta. Ho tør likevel ikkje fastslå kva for ein art gutane har funnet.

– Det er litt vanskeleg å si fordi sjøhesten ikkje er i vann på bildet. Eg synest det ser ut som ein kortsnuta, men samtidig har den nokre flekkar på seg som gjer at det kan vere ein langsnuta.

Ho meiner sjøhesten gutane fant i Sandefjord må vere vaksen.

– Mora legg egga i ein pose på magen til pappaen. Det er altså pappaen som passar på egga, så dei kan ikkje ha drive med straumen.

Publisert 24.09.2024, kl. 15.19

Read Entire Article