Fann samanheng mellom miljøgifter og puberteten hos gutar

6 days ago 4


Ingvild Halsør Forthun er lege ved barneavdelinga på Haukeland sjukehus, og opptatt av hormonsjukdommar hos barn.

Dei siste åra har ho og andre forskarar ved Universitetet i Bergen og Folkehelseinstituttet jobba med å analysere resultata av unike data om norske barn og unge.

I 2016 blei 1200 bergenske barn mellom 6 og 16 år rekrutterte til den andre vekststudien i Bergen for å finne ut meir om utviklinga av puberteten i Noreg.

Ein av tinga dei ville finne ut er om miljøgifter som PFAS kan påverke puberteten.

No er eit svar publisert i Environmental Science & Technology.

10 månader

– Hypotesen vår var at PFAS kan forstyrre hormonbalansen. Basert på dyrestudium var hypotesen at det kan forseinke puberteten, fortel Ingvild Halsør Fortun.

Frå før er det ikkje så mykje forsking på puberteten hos gutar. Det som gjer forskinga frå Bergen ekstra uvanleg er at dei har gjort veldig nøyaktige målingar av kor langt gutane har komme i puberteten.

Dei tok dei blant anna ultralyd av testiklane for å finne ut nøyaktig kor store dei var. Dei målte også testosteronnivået og kor mykje kjønnshår gutane hadde.

Portrett av Ingvild Halsør Forthun som ser inn i kamera. Hun har på seg en hvit skjorte. Hun har lyst hår.

Foto: Ingvild S. Bruserud

– Det er meir presist om du måler med ultralyd, fortel Fortun.

Så samanlikna dei kor mykje PFAS gutane hadde i blodet med alderen dei kom i puberteten. Resultata styrkte hypotesen til forskarane.

– Vi såg på gutane mellom 9 og 14,5 år. Den gruppa som hadde høgast nivå av PFAS, kom cirka 10 månader seinare i puberteten enn gruppa med minst nivå av PFAS.

Genialt og problematisk

PFAS er eigentleg ei samling av over 10.000 kjemiske stoff. Dei blir brukte over alt: I sminke, matboksar, måling, jakker og golvteppe. Det som er genialt med PFAS er at dei gjer at vatn og feitt lett renn av for eksempel teflonpanna.

Problemet er at stoffa bruker kjempelang tid på å forsvinne. Derfor blir dei kalla «ævekjemikaliar». Og kjemikaliane finst overalt. Som for eksempel i norske tenåringar.

Fontenen i Nygårdsparken bader i sol i Bergen.

Det er funne PFAS overalt i verda. Til og med stader der det ikkje bur menneske.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

– Vi har analysert blodet for 19 PFAS, og det finst over 10.000 ulike PFAS. Så korleis dei andre verkar, det veit vi ikkje, seier Fortun.

Ho understrekar at dei ikkje kan slå fast at PFAS er grunnen til at nokon kjem seint i puberteten.

– Vi kan ikkje snakke om årsak og verknad, men vi ser ein tydeleg samanheng mellom nivåa av PFAS og seinare pubertet hos desse gutane.

– Men kva er konsekvensen av sein pubertet hos gutar?

– Det er assosiert med auka førekomst av angst og depresjon og påverkar beinvekst. Men det er usikkert om det er relevant i denne samanhengen. Så vi veit ikkje.

Motsett hos jenter

Ein studie frå Nord-Noreg som blei publisert tidlegare i år viser at jenter med mykje miljøgifter i blodet rapporterte at dei fekk tidlegare mensen enn andre. Der brukte dei spørjeskjema og hormonmålingar av ungdom i første trinn på vidaregåande. 16 prosent av jentene fortalde at dei fekk mensen før dei var 11 år. Dei hadde også høgare nivå av PFAS i seg.

– Vi fann i studien vår ulike samanhengar mellom miljøgifter og hormon hos gutar og jenter. Dette er også beskrive i andre studiar, og er nok ikkje så rart sidan det er ganske store forskjellar på spesielt kjønnshormonnivå og regulering av desse mellom kjønna, fortel professor Guri Grimnes ved universitetet i Tromsø.

Guri Grimnes overlege og forsker.

Guri Grimnes har blant anna forska på ungdomshelse, diabetes og vitamin D.

Foto: Veronica Turnage / NRK

Ho synest det hadde vore veldig interessant om ein fekk målt PFAS-nivåa hos barn før puberteten starta, og sett korleis det påverka utviklinga.

Ingvild Halsør Fortun ved Universitetet i Bergen fortel at mykje forsking fram til nå er gjord på ei og ei miljøgift av gongen. Men nå har forskarane begynt å sjå på korleis fleire ulike grupper giftar verkar.

– Ein trur at dei ulike miljøgiftene kan påverke kvarandre. Så korleis denne cocktailen kan påverke puberteten totalt, blir det neste steget vårt.

Publisert 30.09.2024, kl. 20.34

Read Entire Article