Færre bedrifter tilsett sommarvikarar: – Veldig synd

5 months ago 39


Ei undersøking frå NHO viser at for to år sidan hadde over halvparten av bedriftene sommarvikarar.

Men i år er det berre 34 prosent.

– Det er veldig synd at det er slik. Ein sommarjobb er viktig for at unge skal komme seg ut i arbeid, seier Trine Nordanger (19), som har sitt fjerde år som sommarvikar på Preikestolen parkeringsplass.

Parkering ved Preikestolen

Parkeringa før den populære turen til Preikestolen.

Foto: Erik Waage / NRK

Sommarvikarane på Preikestolen parkering er allereie i gong med den travle turistsesongen.

Og for at turistane skal bli tekne godt i mot, er dei heilt avhengige av den hjelpsame ungdommen.

Alexandra Nag

Alexandra Butchart Nag.

Foto: Erik Waage / NRK

– Vi treng folk, for det er mykje turistar her. Hos oss er det lokale ungdommar som har sommarjobb, og det er kjekt å kunne tilby dei jobb, seier Alexandra Butchart Nag, som arbeider i fast stilling ved parkeringa til Preikestolen.

Nedgang over heile landet

34 prosent av bedriftene seier dei skal ha sommarvikarar i år.

Dette er 9 prosentpoeng lågare enn i fjor, då det var 43 prosent. I 2022 skulle heile 52 prosent av bedriftene ha sommarvikarar.

– Vi har målt at det er ein nedgang i heile Noreg, men vi er ikkje heilt sikker på årsaka til dette, seier regionsdirektør i NHO, Tone Grindland, om undersøkinga.

Tone Grindland, regiondirektør NHO Rogaland

Tone Grindland, regiondirektør NHO Rogaland. I fargegata, eit anna turistmål i Rogaland.

Foto: Marie Håland

Men ho har ein mistanke om kva noko av årsaka kan vere.

– At andelen minkar for andre år på rad, kan tyde på at det har blitt tøffare for mange bedrifter. I byggenæringa er det liten aktivitet, i service og handel merkes dyrtid og meir forsiktig pengebruk, forklarar Grindland.

Avhengige av hjelp

Men behovet for hjelp om sommaren er framleis stort for fleire.
Reiselivet er blant dei som er heilt avhengige av sommarvikarar.

Nesten 7 av 10 reiselivsbedrifter seier dei skal ha sommarvikarar i år.

– Ein har noko å gjere på om sommaren, slik at ein ikkje berre ligg heime. Også tener ein eigne pengar, og det hjelper til å skaffe seg jobb seinare, seier Vebjørn Kjellevold, som også er sommarvikar ved Preikestolen på fjerde året.

Mediebedriftene, bedrifter innan matproduksjon og innan transport svarer også at dei er avhengige av sommarvikarar for å halde aktiviteten oppe om sommaren.

Fekk fast jobb

– Sommarjobb er for mange et viktig første møte med arbeidslivet. Det gir nyttig erfaring og er ofte inngangsport til jobb seinare, seier Grindland i NHO.

Undersøkinga frå NHO viser også at nesten halvparten av bedrifter tilsett ein tidlegare sommarvikar.

Preikestolen parkering

Alexandra Butchart Nag, Vebjørn Kjellevold og Trine Nordanger.

Foto: Erik Waage / NRK

Dette har Alexandra Butchart Nag erfart.

Ho starta som sommarvikar på Preikestolen. No er ho i fast jobb, og ho stortrivast.

– Eg fekk fleire og fleire oppgåver, og til slutt fekk eg fast jobb her. Det er veldig kjekt, seier Butchart Nag.

Publisert 27.05.2024, kl. 17.16

Read Entire Article