Ein ukrainsk mann i 40-åra vart i juni etterlyst av ein tysk domstol. Han er mistenkt for å ha sprengt gassleidninga i Nord Stream hausten 2022, det melder den svenske avisa Expressen.
Bilen til mannen, vart fanga opp av eit fartskamera ikkje langt frå hamna der seglbåten «Andromeda» låg rett før sabotasjeaksjonen. Tysk politi har tidlegare knytta denne seglbåten til sabotasjen.