Etterforskar ulovlege og forureinande vegar – kommunen innrømmer svak kontroll

1 week ago 11


– Dette er langvarig organisert miljøkriminalitet, delvis med statlege tilskot.

Det seier Synnøve Spangelo i Naturvernforbundet Hordaland.

Ho var onsdag eit «hovudvitne» i ei seks timar lang høyring i bystyresalen om ulovlege skogsbilvegar og massefyllingar i Bergen og omland.

Samstundes vurderer Statsadvokaten no fleire politietterforska tilfelle.

Søppel i vegfylling på skogsbilveg på Fanafjellet i Bergen

Statsadvokaten vurderer nå om politietterforskinga av skogsvegbygging og forureina massar på Fanafjellet i Bergen skal ende med tiltale.

Foto: Synnøve Spangelo/Naturvernforbundet

– Tilrettelegging for kriminalitet

Vegbygging for skogsdrift er omstridd fleire stader, men Spangelo meiner situasjonen i bergensområdet er særleg alvorleg.

– Det finst liknande saker til dømes i Førde og i Trondheim. Men me har ikkje noko tilsvarande tilfelle i andre deler av landet som er så svært og omfattande.

– Og eg trur Bergen kommune skil seg ut på gjennomføringsevna til å legge til rette for organisert miljøkriminalitet, meiner Spangelo.

Synnøve Spangelo

Det er først og fremst avsløringane og den årelange kartlegginga til Synnøve Spangelo i Naturvernforbundet som er bakgrunnen for den politiske høyringa i Bergen.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Skalkeskjul for forureinande massedumping

I fleire år har ho kartlagt og avslørt at utbyggarar har brukt forureina og unødvendig mykje massar i bygging av nye skogbruksvegar.

– Skogsbilvegane er eigentleg mest eit skalkeskjul for forureinande massedumping, seier Spangelo.

– Det har blitt bygd vegar utan søknad, eller til og med etter avslag på søknad.

– Alle dei seks mila med veg som me har kartlagt har ei eller anna ulovlegheit ved seg. Enorme terrenginngrep, forureining frå rivingsavfall, innføring av svartelista planter, drenering av myr, og så vidare, seier ho.

Måtte etterforske

Etter at Naturvernforbundet melde fleire av vegane til politiet, la Vest politidistrikt først vekk saka.

I 2022 kravde Riksadvokaten at politiet etterforska fleire av sakene på nytt. Fleire privatpersonar og føretak blei sikta.

To av tilfella har i fleire år vore under politietterforsking. Statsadvokat Sigurd Granli stadfestar at han har fått saka tilbake, etter ytterlegare etterforsking hos politiet.

– Saka ligg no til behandling hos Statsadvokaten for påtaleavgjersle, seier han.

Gammal asfalt på Fanafjellet, 3. november 2017

Gammal asfalt frå offentleg veg, lagra i terrenget på Fanafjellet i 2017.

Foto: Finn Bøe/Naturvernforbundet

«Genial forretningsmodell»

Leiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland peika under høyringa på kva aktørane sparer på ulovleg dumping av rivingsavfall i staden for å levere til godkjende mottak.

– Nokre entreprenørar har funne seg ein genial forretningsmodell: Dei fuskar vekk byggingsavfall på desse skogsbilvegane. På den måten sparer dei mykje pengar.

– Kor omfattande er denne svarte økonomien? Vårt beste anslag er circa ein halv milliard kroner. Dei vinn alle anbod, for dei er sjølvsagt billegare, sa Skauge.

– Når Vest politidistrikt har oppretta ei eiga etterforskingsgruppe, med bistand frå Økokrim, viser det at det er mykje økonomi inne i bildet, meiner Spangelo.

Leiar i Naturvernforbundet Hordaland, Tom Skauge (i midten). Reidar Digranes (Sp) til høgre med laptop i handa.

Leiar Tom Skauge i Naturvernforbundet Hordaland (fargerik skjorte) og næringsbyråd Reidar Digranes (Sp) (med laptop) under høyringa.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Grov tenesteforsømming

Men den politiske høyringa handla om Bergen kommune si handtering, ikkje politiet si etterforsking.

Spangelo meiner kommunen ikkje har handtert problemstillinga i saka i det heile, fordi ho meiner dei ikkje har noko godt svar på korleis dei har ført tilsyn.

Ho kritiserte blant anna dei ansvarlege for sakshandsaminga i Bergen kommune for å ha ettergodkjent ulovleg vegbygging medan politiet etterforska saka.

– I beste fall er dette snakk om grov tenesteforsømming. Etat for landbruk har gått i bresjen for statleg subsidiering av saker under politietterforsking, meiner ho.

Vedgår svikt og feil

Nyleg avgått landbrukssjef Helene Dahl og nåverande seniorrådgjevar Kjetil André Rødland innrømma under høyringa at kontrollen med skogvegbygginga i Bergen kommune har svikta.

– At eit ukjent antal varsel ikkje er registrert i sakssystemet, er jo uheldig, sa Rødland i seksjon for næring og landbruk.

Dahl sa mellom anna at etaten «vart litt tatt på senga» av at det var så store fyllmassar. Vegane vart mykje større etter kvart.

– OK, det var ting som ikkje vart rett, men sånn er det. Me kom til kort, for kriteria var ikkje gode nok, sa ho.

Helene Dahl og Kjetil Andre Rødland

Tidlegare landbrukssjef Helene Dahl og nåverande seniorrådgjevar Kjetil André Rødland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Trudde det var gode greier

På Hylkje utanfor Bergen blei det tidlegare bygd ein skogsbilveg, slik at grunneigarane kunne henta ut tømmer med vogntog. Då NRK var på staden, låg det knust asfalt, betong og takstein langs den gruslagde vegen.

Då sa Robert Berentsen i Veten Rundt Skogsveglag at dei var trygge på at alle massar var reine, og at det var avtalen med entreprenøren.

Denne veka heldt Berentsen innlegg for politikarane på høyringa:

– Me var i den tru at det der var gode greier, og me har prøvd å gjere dette her så godt som me kunne, sa han.

skogsveg Hylkje

På Hylkje nord i Bergen vart det bygd ein 15 kilometer lang skogsbilveg i 2019. Det er ein av to saker Statsadvokaten nå vurderer.

Foto: Eva Neteland / NRK

Meiner det er rein stein

Fylkesskogmeister Torkel Hofseth hos statsforvaltaren i Vestland, meiner at det aller meste av fyllingane under og langs skogsvegane er rein stein.

Han meiner det er lite forureina masser som asfalt, rivingsmaterial, plast og miljøgifter.

– Eg meiner det er lite. Nokon mursteinar, ja, eg har sett det, men ikkje veldig mykje. Eg har sett nokon plastrøyr også, men veldig lite.

Dette er Spangelo ueinig i.

– Det er ei massehandtering som er ute av kontroll.

Fylkesskogmeister Torkild Hofseth hos Statsforvaltaren i Vestland

– Det er mykje stein, men veldig lite ureine massar i skogsbilvegane, seier fylkesskogmeister Torkel Hofseth.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Blir følgt opp

Næringsbyråd Reidar Digranes (Sp) svarer NRK på vegner av kommunebyråkratane.

Han meiner at «heile skogsbilvegforvaltninga i Noreg, og ikkje berre i Bergen» har hatt svak kontroll, mellom anna etter at byggetillating har blitt gitt.

Han seier vilkåra for å få bygga skogsbilvegar i Bergen no er blitt kraftig skjerpa, og at situasjonen ikkje er «så mørk som den Naturvernforbundet legg opp til».

– Ein har ikkje akkurat for mykje landbruk i Noreg per dags dato. Strammar ein vesentleg inn utan at ein også tillét ansvarleg skogsbilvegutbygging, så risikerer ein at ein verkeleg tar knekken på landbruket. Det er i alle fall ikkje noko byrådet i Bergen ønskjer.

Men han stadfestar at dei går aktivt etter «skurkane».

– Alle former for ulovlegheiter blir følgt opp på riktig måte.

Publisert 28.09.2024, kl. 07.48

Read Entire Article