– Det betyr utruleg mykje, seier Tarik Ljevo i Bosnia-Hercegovina-forbundet i Noreg.
Nesten 30 år sidan massakren på 8000 bosniske muslimar arbeider dei framleis for å få anerkjenning for det som skjedde.
Gatene i byen Srebrenica er stille i morgontimane torsdag. I dag skal FN si generalforsamling anerkjenne massakren som skjedde i byen.
Resolusjon som er foreslått anerkjenner folkemordet i Srebrenica i 1995. Der står det mellom anna at FN skal motseie fornekting av massakren og gjere 11. juli som internasjonal minnedag.
– At FN vedtek ein slik resolusjon er viktig for å tydeleg seie ifrå at det som skjedde ikkje skal skje igjen.
Det seier Svein Mønnesland som er professor i balkan-studiar ved Universitet i Oslo.
– Skjelsettande oppleving
Den bosnisk-serbiske hæren gjekk inn byen Srebrenica i juli 1995 etter fleire år med krig. Dette var då eit beskytta FN-området.
I løpet av nokre dagar blei nærare 8000 menn og gutar drepne, og fleire titals tusen la på flukt. Mange av dei kom aldri tilbake og blei aldri funne.
– Dette er det største og mest alvorlege krigsbrotverket i Europa etter andre verdskrig. Det gjorde sterke inntrykk den gongen, seier Mønnesland.
Domstolen i Haag har slått fast at massakren var eit folkemord.
Fleire leiarar har også blitt dømde for krigsbrot.
– Det betyr utruleg mykje
Tarik Ljevo er bosnjak og er styreleiar for Bosnia-Hercegovina-forbundet i Noreg. Han seier FN ikkje er ein dag for tidleg ute.
– Det er viktig for heile regionen, men også for pårørande etter folkemordet og dei krigsbrota som skjedde på Balkan og Bosnia på 90-talet.
Ljevo gjekk sjølv på vidaregåande då krigen i Bosnia braut ut etter oppløysinga av Jugoslavia. Krigen varte frå 1992 til 1995. Heile oppleving var uverkeleg, fortel han.
– Eg skjønte ikkje korleis det var mogleg for det skjedde så raskt. Det var ei normal ungdomstid også plutseleg sit du i kjellaren og ventar på granatar:
– Men personleg så klarer ein ikkje å legge det bak seg, og det heller bensin på bålet ved å nekte for folkemordet.
Men i Serbia er det fleire stemmer som nektar for at det heile var eit folkemord, eller at det skjedde i det heile tatt.
Motstand frå Serbia
Dei politiske toppane i Serbia har den siste tida arbeida hardt for å hindre at resolusjonen går gjennom.
Med ei velsigning frå den serbisk-ortodokse patriarken sette den serbiske presidenten kursen mot New York for å «kjempe for framtida til landet vårt».
– Dette blir den vanskelegaste dagen sidan eg blei president og tidlegare statsminister.
Det sa den serbiske presidenten Aleksandar Vučić i forkant av avstemming i New York onsdag.
– I morgon ser vi kven vennane våre er, la han til.
Resolusjonen har truleg stor støtte blant medlemslanda i FN, og vil nok gå gjennom. Ifølgje Balkan Insight er det Russland, Kina, Ungarn, Venezuela, Nord Korea og Nicaragua som kjem til å stemme i mot.
I Bosnia arbeider dei framleis for å få anerkjent og sette lys på kva som skjedde den varme sommaren i 1995.
Fleire plassar i Serbias hovudstad Beograd heng det samstundes store banner med teksten «vi er ikkje ein nasjon som utfører folkemord».
– Verkar mot si hensikt
Dei konservative og høgre-orienterte partia har også stor medfart på Balkan, også i Serbia. Resolusjonen i FN vil «demonisere» det serbiske folket, ifølgje politikarane.
Under ein pressekonferanse i april sa den serbiske presidenten at resolusjonen er «ein direkte trugsel mot våre nasjonale interesser. Vi kjem til på kjempe. Serbia vil sigre».
– Er dei serbiske politikarane så dumme, at dei trur resolusjonen skuldar på heile nasjonen, spør Mønnesland.
Han seier derfor at den serbiske motstanden verker mot si hensikt.
Resolusjonen seier ikkje noko om kven som har skyld i hending, ikkje den bosnisk-serbiske republikken Srpska eller Serbia.
Forslaget er fremma av medlemslanda Rwanda og Tyskland.
Tidlegare i april tok fleire tusen serbarar til gatene for å demonstrere mot at folkemordet i Srebrenica i det heile tatt fann stad.
Den bosnisk-serbiske presidenten Milorad Dodik talte til folket og sa at Srebrenica var «feil» og «ulovleg», men ikkje eit folkemord, understreka den konservative separatistleiaren i regionen.
Identifiserte 30 nye lik
Men for dei råka og dei etterlatne er denne resolusjonen viktig.
– Dei var ikkje soldatar. Dei var vanlege innbyggarar. Sivile. Dei blei massakrert og skjult i massegraver. Ein hadde ikkje trudd at ein kunne bli utsett for eit slikt overgrep, seier Mønnesland.
Det var i juli i 2023 at fleire hundre gjekk i gata i den bosniske hovudstaden Sarajevo. Mellom seg bar dei 30 kister med lik.
Dei hadde nyleg blitt identifiserte etter å ha blitt henta opp frå massegravene.
Tre år tidlegare blei åtte menn og born igjen gravlagde. Etter dei også hadde blitt identifiserte blei dei sendt til slektningar og deretter gravlagde.
Også dette er ein del av FN-resolusjonen: Å sørge for at dette arbeidet held fram.
Publisert 23.05.2024, kl. 13.38 Oppdatert 23.05.2024, kl. 13.40