Det var Dagsavisen som meldte nyheita først.
Eide opplyser på Facebook at han ikkje vil stille til attval for Oslo Arbeidarparti i neste stortingsperiode.
«Eg er svært takksam for at eg hat fått tilliten i to periodar, og eg har hatt stor nytte av erfaringa frå Stortinget i arbeidet mitt som statsråd», skriv han.
Han understreker derimot at han gjerne vil halde fram som minister «om partiet ønsker det».
«Samstundes har Oslo Arbeidarpart ei rekke talent som no bør få prøve seg i sentrale politiske stillingar», skriv han vidare.
Publisert 30.08.2024, kl. 09.45 Oppdatert 30.08.2024, kl. 09.50