Norske Heimdall Power ser til USA: – Vanskeleg å spå om framtida

1 month ago 10


– Å etablere seg og kome til ein viss storleik, det er det fantastiske forhold for i Noreg.

Det seier sjefen i Heimdall Power, Jørgen Festervoll – då NRK møter han på hovudkontoret i Oslo. Han seier offentlege midlar har vore heilt essensielle for at selskapet er der det er i dag.

På Tau utanfor Stavanger lagar teknologiselskapet eit verktøy for energieffektivisering: ei kule full av måleutstyr, som dei festar på straumkablar med drone.

Heimdall Powers kule blir flydd opp til strømkabler med drone.

Foto: EVEN BJØRINGSØY JOHNSEN

Kula finn ut at nettselskapa kan sende mykje meir straum gjennom kabelen, og auke kapasiteten opp mot 30–40 prosent.

  • NRK fekk sjå Heimdall-kula bli festa på straumkablar i Vestby i april:

Med presisjon blir en sonde plassert på høyspentledningen ved hjelp av drone.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen/NRK Dronefoto: Christian Nygaard-Monsen/NRK

På grunn av USA

Heimdall Power har kring 50 tilsette – flest i Noreg, men dei har også eit kontor i North Carolina i USA.

Dei siste åra har storleiken på kontraktane mangedobla seg. Festervoll er sikker på at selskapet vil bli ein såkalla einhyrning, eit selskap verdsett til over ein milliard dollar, men:

– Det vil mest sannsynleg ikkje vere på grunn av kontraktane vi får i Europa, men ting vi gjer i USA.

Ragnhild Vartdal

VANSKELEG: Sjefen i Heimdall Power, Jørgen Festervoll, svarer slik på om selskapet vil vere norsk i framtida: – Eg håper det. Men det er klart... Det er vanskeleg å spå om framtida.

Foto: Ragnhild Vartdal

Og det er mot den amerikanske marknaden selskapet har retta fokuset. Og dei er ikkje aleine.

Trykte på alarmknappen

For det er mot USA fleire bedrifter rettar blikket. EU har trykt på alarmknappen: Europa taper for mange teknologibedrifter over Atlanteren. Faktisk har ein av tre einhyrningar flytta frå Europa sidan 2008.

Vi må vere «urolege for vår eksistens», sa EU-topp Mario Draghi, då han i september beskreiv dei dystre utsiktene for Europa si konkurransekraft.

Han meiner Europa er nøydde til å tette «innovasjonsgapet» til USA.

Draghi meiner europeiske selskap er gode på eldre teknologi, men seier det må investerast mykje meir i innovasjon og ny teknologi.

Former European Central Bank chief Draghi presents report on EU competitiveness, in Brussels

RADIKALT: Tidlegare sjef i Den europeiske sentralbanken, italienske Mario Draghi, meiner Europa må ta radikale grep for å auke si konkurransekraft.

Foto: Yves Herman / Reuters

To grunnar

Teknologiselskapet Heimdall Power og Festervoll trur det er lettare å sikre dei store kontraktane i USA.

Han lister opp to grunnar: meir tungrodde anskaffingsprosessar i Europa og at det ikkje opplevast som EU er den indre marknaden unionen hevdar å vere.

Kundane til selskapet er stort sett offentlege nettselskap, som kjøper produktet gjennom anskaffingsprosessar.

– Anskaffingsprosessane i USA er meir baserte på dialog med leverandørane, og ikkje baserte på rigide innkjøpsrammeverk, seier Festervoll.

– Har vi gjort noko feil i anbodet, så er det faktisk mogleg å snakke med dei, selje inn og diskutere. Og det gjer det enklare for eit selskap som oss.

– Skal finne opp krutet på nytt

Festervoll forklarer at når det kjem til straumnett, er det svært ulike regelverk i dei ulike EU-landa.

Franskmennene har sine måtar å gjere ting på, tyskarane har sine måtar.

Han fortel om eit kundeseminar, kor ein av deira britiske kundar sa at uansett om det største nettselskapet i Tyskland hadde kjøpt Heimdall-kula etter fleire år med testing, så ville dei framleis gjerne eigne testar.

Då tek det årevis å kome gjennom med teknologi. I USA er det mykje meir læring i fellesskap, seier Festervoll.

Heimdall Power.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Han seier at dei har eit felles forskingsmiljø i USA, kor dei no er i gang med å teste Heimdall-kula for alle nettselskapa.

I Europa skal alle finne opp krutet på nytt og gjere ting sjølv. Det er krevjande.

Norsk selskap i framtida?

– De har allereie eit kontor i USA. Vil de vere eit norsk selskap i framtida?

... det tek noko tid før Festervoll svarer:

– Eg håper det. Men det er klart... Det er vanskeleg å spå om framtida.

– Men det fordrar også at det er norsk kapital. Vi er gode på såkornkapital, men når det blir milliardar av kroner, då forsvinn, slik eg ser det på dei vi snakkar med, mange av dei norske investorane. Det er framleis nokre europearar med, men det er veldig stor interesse frå USA.

– Vil ein amerikansk investor krevje at de flyttar dit?

– Dei kan i alle fall gjere det. Det er ikkje unaturleg at ein amerikansk investor vel at vi posisjonerer oss annleis enn eit norsk styre og ein norsk eigar ville ha gjort. Det er jo der veldig mange norske selskap har enda, seier Festervoll.

Tankevekkande

Innovasjon Noreg-sjef Håkon Haugli er svært uroleg for diagnosen Draghi har sett på Europa, og seier at Noreg er i same båt.

Haugli ser svært positivt på at det i 2023 var vekst i norske selskap med høg omsetning, men registrerer at eit fåtal av norske oppstartsbedrifter lukkast med å skalere til fleire enn 100 tilsette.

Han seier det er tankevekkande å høyre det Festervoll fortel om moglegheitene for vidare vekst i Noreg.

Innovasjon Norge signerer milliardavtale med EU. CEO i Innovasjon Norge Håkon Haugli

ALT VI KAN: Innovasjon Noreg-sjef Håkon Haugli seier norske styresmakter må gjere alt dei kan for gode rammevilkår til nye bedrifter i Noreg.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

– Det er denne typen bedrifter vi treng meir av i Noreg, seier Haugli.

– Kva kan Noreg gjere for å halde på slike bedrifter?

– Vi kan gjere alt vi kan for å ha gode rammevilkår for både «startups» og «scaleups», seier Haugli.

– Vi kan sørge for tilgang på kompetanse, gode koplingar mot investormiljø og gode koplingar mot kundar. Og så må eigarane vere komfortable med å gjere investeringar i Noreg.

Publisert 14.10.2024, kl. 05.28

Read Entire Article