Er BSU-ordninga død?

5 days ago 8


Det finst strengt tatt ingen nedre aldersgrense for å opprette BSU-konto i ein norsk bank.

For det er vel aldri for tidleg å begynne å spare til bustad, eller?

Likevel er det fyrst når du tener nok til å kunne få skattefradrag at denne ordninga blir verkeleg gunstig. Og då vil truleg dei fleste økonomar råde deg til å hoppe på toget så fort du kan.

Test BSU-kunnskapane dine i quizen nedst i saka.

Mindre lukrativt

Du får mindre skatt og gunstig rente. I tillegg tar det seg bra ut å ha spart eigenkapital i BSU når du ber banken om bustadlån.

Likevel sparar norske unge stadig mindre pengar på denne måten.

I juli i år stod det nestan 15 milliardar kroner mindre i BSU enn i januar 2021.

Dei siste åra har det skjedd fleire regelendringar som har gjort BSU-ordninga mindre lukrativ.

Ikkje like gunstig for alle

Fram til 2022 kunne unge som kjøpte bustad, utan å ta hol på kontoen, fortsette sparinga og nyte skattefrådraget fram til fylte 34. Men slik er det ikkje lenger.

Og i fjor vart skattefrådraget halvert, frå 20 til 10 prosent.

Derya Incedursun, forbrukerøkonom i Nordea.

Derya Incedursun, forbrukarøkonom i Nordea.

Foto: Nordea

– Sjølv om det framleis er ei god spareordning, kan dette ha ført til at færre veljer å spare i BSU, seier Derya Incedursun, forbrukarøkonom i Nordea.

I tillegg peikar ho på høgare bustadprisar som ei anna mogleg årsak til nedgangen:

– Høgare prisar har gjort det vanskelegare å spare opp nok eigenkapital kun gjennom BSU. Dette kan ha bidratt til at nokon veljer alternative spareformar, som fond.

Dessutan er ikkje ordninga like gunstig for alle. Personar med låg eller ingen skattbar inntekt, som studentar eller deltidstilsette, får ingen nytte av skattefrådraget.

Publisert 01.10.2024, kl. 05.14

Read Entire Article