Elgen i Noreg er sjuk – nå vil myndigheitene finne ut kvifor

4 months ago 20


– Det har vore ein klar, målretta nedskyting og reduksjon i bestanden. Nå har vi forholdsvis låge bestandar i forhold til dei siste 30 åra, seier Ole Bjørn Bårnes, viltforvaltar i Telemark fylkeskommune.

Frå fleire område i Noreg kjem det rapportar om at talet på elgkalvar går tilbake, funn av sjuke og døde elgkalvar og låg tilvekst hos dei elgkalvane som overlever.

Og nå skal Veterinærinstituttet finne ut kvifor elgkalvar blir sjuke og døyr.

Det siste tiåret har mange varsla om at talet på elgkalvar søkk og at dei elgkalvane som er att er små og i dårleg kondisjon. Men årsaka er ikkje kjent.

Gjennom prosjekt «Elgkalven Trampe» er det etablert eit nettverk av feltkontaktar i fleire fylke som kan dra ut og undersøke elgkalvar som nyleg er døde, eller som må avlivast.

– Elgane hos oss plundrar litt. Både med vektutvikling og reproduksjon. Det er litt av bakgrunnen for at vi hiv oss på sånne prosjekt som vi har gjort nå, fortel Bårnes.

Ole Bjørn Bårnes

Viltforvaltar i Telemark fylkeskommune, Ole Bjørn Bårnes.

Foto: Hilde Martine Lindgren / NRK

Dagens elgbestand står i kontrast til slutten av 90-talet og starten av 2000-talet. Da hadde Telemark faktisk den tettaste elgbestanden i verda.

Fleire bør obduserast

Ifølge Bårnes ser dei blant anna flåttborne sjukdommar på dei døde dyra.

Prosjektet har som mål å auke innsendinga av elgkalvar som er funne døde eller avliva på grunn av sjukdom.

Kalvane skal deretter obduserast og undersøkast, slik at dei forhåpentleg kan finne ut kva som gjer at dei blir svake og sjuke.

Allereie ser dei nokre fellestrekk.

– Dei fleste har ein sjukdom vi kjenner godt frå blant anna sau. Men det er ikkje sikkert at det er direkte årsak til at desse kalvane døyr, seier Bårnes.

Liten kalv skutt i Telemark

Kalvane blir stadig mindre.

Foto: Privat

Kan ta mange år

Hos Veterinærinstituttet har dei allereie fått inn mellom 5 og 10 kalvar til obduksjon.

Det er ikkje berre sjukdom som påverkar elgen, men det kan også vere klimaendringar og endringar i habitat og plantesamansetning, forklarer forskar Malin Reiten.

Malin Rokseth Reiten
Veterinær/forsker vilthelse/husdyr, Husdyr, vilt og velferd

Forskar Malin Reiten hos Veterinærinstituttet. 

Foto: Privat

Klimaendringane kan føre til auka tettleik av andre dyreartar, og at nye artar kjem inn i området der elgen er, seier ho.

– Dei kan også oppleve stress ved høgare temperaturar. Totalbelastninga kan føre til eit endra sjukdomsbilde hos elgen, seier forskaren.

Likevel kan det ta tid å få klare svar.

Eg håpar vi kan få ei forståing for kva som rører seg. Vi finn nok ikkje ut alt over ein sesong. Vi må nok ha fleire år på oss, seier ho.

Publisert 15.07.2024, kl. 07.08

Read Entire Article