Eksen vitna om Hunter Bidens rusmisbruk

4 months ago 34


Hunter Biden står tiltalt i den føderale domstolen i Wilmington i Delaware for å ha loge om at han ikkje brukte narkotika då han kjøpte ein revolver og ammunisjon i 2018.

Han er også tiltalt for ulovleg oppbevaring av våpen i 11 dagar.

Blir han funnen skuldig i dei føderale tiltalepunkta, kan han bli dømd til fengsel i opp mot 25 år og til å måtte betale bøter opp mot 750.000 dollar, skriv CNN.

Biden har sjølv skrive om rusmisbruket sitt sjølvbiografien «Alt det vakre», som kom i 2021.

Men han nektar straffskuld i saka, og seier han var på rehabilitering då han kjøpte våpenet.

Kan påverke valet

Saka har fått stor merksemd i USA, og mange meiner ho kan ha innverknad på presidentvalet til hausten, skriv BBC.

Republikanarane har blant anna brukt saka til å krevje at Justisdepartementet skal ta ut tiltale mot Hunter Biden og James Biden, som er broren til Joe Biden, fordi dei meiner dei har kome med løgner i ei høyring i Kongressen, skriv den britiske kringkastaren.

President Joe Biden har ikkje vore til stades, men han har sendt ut ei fråsegn der han seier han støttar sonen, og er glad i han.

Men USAs førstedame Jill Biden har vore til stades alle dei tre første dagane, saman med Hunter Bidens andre kone, Melissa Cohen Biden.

Jill Biden i rosa drakt forlater rettsbygningen

Jill Biden forlèt den føderale retten i Wilmington i Delaware onsdag. Ho har møtt i retten kvar dag for å støtte Hunter Biden i rettssaka.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters/NTB

Utnemnde spesialetterforskar

Sjølv om sakene ikkje har noko med kvarandre å gjere, blir saka mot Hunter Biden og saka der Donald Trump, som truleg blir den republikanske presidentkandidaten, nyleg blei funnen skuldig i dokumentforfalsking, brukt for å vise at domstolane i USA er i ferd med å bli ein viktig aktør før presidentvalet, skriv nyheitsbyrået AP.

For å skape ei armlengdes avstand frå Det kvite hus, utnemnde USAs justisminister Merrick Garland i fjor ein spesialetterforskar for å granske Hunter Biden.

David Weiss fekk fullmakter til å følge dei spora han meinte var naturlege, og ta ut siktingar der det måtte vere naudsynt.

Utnemninga skjedde på same tid som republikanarane i Kongressen truga med riksrett mot Joe Biden på grunn av påstandar om at han hadde tent pengar på forretningsverksemda til sonen.

Ekskona i vitna

Etter å ha brukt dei to første dagane av saka til å velje ut jury og opningsprosedyrar, starta påtalemakta onsdag jobben med å bevise at Hunter Biden er skuldig etter tiltalen.

Kathleen Buhle var gift med Biden i over 20 år, og dei har tre barn saman. Då dei skilde seg, skulda ho ektemannen for å rote bort pengane på narkotika, alkohol, strippeklubbar og prostituerte.

Kathleen Buhle

Kathleen Buhle var gift med Hunter Biden i over 20 år. Onsdag vitna ho i rettssaka mot eksmannen.

Foto: Matt Slocum / AP/NTB

Ho at ho frykta Biden rusa seg etter at han blei kasta ut av Marinen på grunn av bruk av kokain i 2014, skriv CNN.

Men det var først då ho fann ei crack-pipe heime i 2015, Biden vedgjekk at han rusa seg. Dette var kort tid etter at storebroren til Hunter, Beau Biden, døydde av hjernesvulst.

Ho sa ho ved fleire høve søkte gjennom bilen for å sikre seg at det ikkje var brukarutstyr eller narkotika i bilen når døtrene skulle ut og køyre, men at ho aldri såg eksmannen ruse seg.

Rusa seg ein månad før våpenkjøpet

Då Hunter Bidens tidlegare kjæraste, Zoe Kestan, tok vitneboksen, kosta Biden på seg eit lite vink, skriv CNN.

Kestan og Biden møttest under ein «privat dans» då ho var på jobb i ein «herreklubb» i New York i 2017.

Ho fortalde om månader med festing der Biden rusa seg i nattklubbar og på luksushotell ulike stader i USA.

Kestan sa også at Biden hadde fleire mislykka forsøk på avrusing i perioden, skriv NBC News.

Zoe Kestan forlater rettsbygningen i Wilmington, Delaware

Zoe Kestan hadde eit forhold til Hunter Biden i 2017 og 2018. Ho var 24 år då ho møtte Biden som på det tidspunktet var 48.

Foto: Kevin Lamarque / Reuters/NTB

I september 2018 skal Hunter Biden har røykt crack i fleire dagar då dei var i Malibu i California.

Dette var få veker før han kjøpte revolveren, og er til no det næraste påtalemakta har klart å vise at Biden rusa seg i tida då han kjøpte våpenet.

Kestan sa ho og Biden ikkje hadde kontakt i oktober 2018, men at dei hadde ei kort gjenforeining i november 2018, før forholdet tok slutt, skriv Fox News.

Kan avslutte torsdag

Rettssaka held fram torsdag. Då er det venta at Hallie Biden, som er enka etter Beau Biden, skal vitne.

Ho hadde også eit forhold til Hunter Biden i tida etter at broren hans døydde.

Då forholdet deira blei offentleg kjent i 2017, støtta Jill og Joe Biden paret.

– Vi er glade for at Hunter og Hallie har funne kvarandre i ei vanskeleg og trist tid, skreiv dei i ei fråsegn.

Hallie Biden

Torsdag er det venta at Hallie Biden skal vitne. Ho er enka etter Beau Biden, som døydde av hjernesvulst i 2015. Ho har også hatt eit forhold til Hunter Biden i perioden etter dødsfallet.

Foto: Matt Slocum / AP/NTB

Men i sjølvbiografien skreiv Hunter Biden at dei hadde eit vanskeleg forhold som gjorde mykje av det vonde verre. Hallie Biden skal blant anna ha blitt introdusert for crack, og sjølv blitt ein misbrukar i denne tida.

Ifølge forklaringa Hunter Biden gav politiet, kasta Hallie Biden revolveren han kjøpte i 2018 i ei søppelbøtte fordi ho frykta for den mentale helsa hans.

Påtalemakta avsluttar truleg bevisføringa si torsdag, og gir forsvaret mogelegheita til å føre sine vitne, om dei ønsker det, før sluttprosedyrane.

Publisert 06.06.2024, kl. 16.03

Read Entire Article