Drikkevatn med ulovlege fluor­verdiar: – Kommunen har visst om dette sidan 2009

5 months ago 37


– Dette er sånt eg ikkje får sove av når eg oppdagar sånne ting på jobben. Det plagar meg rett og slett.

Gro Anita fortel om oppdaginga ho gjorde som nytilsett kommunalsjef for samfunnsutvikling i Sør-Aurdal.

For like etter at ho starta i jobben 1. februar i år fann ho fleire dokument som tyda på at ikkje alt var som det skulle ved det kommunale vassverket i Hedalen, ei av bygdene i kommunen.

– Eg blir sjokkert over det eg finn, for vi har alvorlege avvik over mange år. Kommunen har visst om dette sidan 2009.

Fire månader seinare vart ho oppsagt i prøvetida.

Grunngjevinga ho fekk frå sjefen sin, kommunaldirektør Haakon Boie Ludvigsen, var at ho ikkje forstod innhaldet i stillinga si.

Kommunedirektør  Haakon Boie Ludvigsen i Sør-Aurdal kommune

Kommundedirektør Haakon Boie Ludvigsen i Sør-Aurdal kommune

Foto: Arne Sørenes / NRK

Kommundedirektør Haakon Boie Ludvigsen i Sør-Aurdal kommune

Foto: Arne Sørenes / NRK

I mellomtida hadde Bakketun stilt spørsmål ved ei rekkje forhold ved korleis kommunen forvalta oppgåvene sine.

Ikkje minst om kommuneleiinga var klar over at drikkevatnet i Hedalen inneheld ulovleg mykje fluor?

Kommunedirektør Ludvigsen vil ikkje kommentere oppseiinga ovanfor NRK.

Ordførar Marit Hougsrud (Sp) seier at oppseiinga er ei personalsak, men at den ikkje har noko samanheng med saka om vatnet i Hedalen.

No har Bakketun meldt kommunen til politiet for brot på ei rekkje punkter i drikkevassforskrifta, samt fleire brot på folkehelselova, matlova og sivilbeskyttelselova.

Både skulen, barnehagen og helseheimen i Hedalen får drikkevatnet sitt frå Hedalen vannverk

Foto: NordProfil

Skal ha visst om det sidan 2009

Det var Arne Heimestøl som først byrja å undre seg over kvaliteten på drikkevatnet i heimbygda.

Den pensjonerte læraren driv nettstaden hedalen.no, og i vinter oppdaga han at det stod i ein kommunal plan at «det er noe høyt fluorinnhold» i drikkevatnet i det kommunale vassverket i Hedalen.

– Eg sende spørsmål til kommunen i februar, men fekk ikkje noko svar.

Arne Heimestøl

Arne Heimestøl er pensjonert lærar og aktiv lokaljournalist. Han får med seg det meste av det som skjer i Hedalen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Arne Heimestøl er pensjonert lærar og aktiv lokaljournalist. Han får med seg det meste av det som skjer i Hedalen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Gro Anita Bakketun fann då fleire dokument som viste at alle vassprøvar, så nær som ein, sidan januar 2018, hadde gitt høgare verdiar på fluor ein det som er lovleg.

Ho fann også ut at dette truleg ikkje var kommunisert til innbyggjarane i Hedalen.

– Vi har altså som offentleg myndigheit valt å halde tilbake denne informasjonen, og det gir meg skikkeleg dårleg smak i munnen, seier ho.

Gro Anita Bakketun

Gro Anita Bakketun er opprørt over forvaltninga i Sør-Aurdal kommune

Foto: Arne Sørenes / NRK

Gro Anita Bakketun er opprørt over forvaltninga i Sør-Aurdal kommune

Foto: Arne Sørenes / NRK

Kommunedirektør Boie Ludvigsen hevdar at kommunen informerte innbyggjarane om dette alt i 2012.

Men korkje Arne Heimestøl, eller andre NRK har snakka med i Hedalen, kan hugse å ha blitt informert om dette.

– Informasjonen har vore totalt fråverande. Det er heilt uakseptabelt, seier Heimestøl.

I tillegg fann Bakketun eit dokument som viser at kommunen alt i 2009 innhenta prisar på reinseutstyr for fluor i drikkevatn.

Ho kontakta då kommunedirektøren som bad om meir informasjon om saka.

– Men så blei det stille, seier Bakketun.

Heller ikkje Arne Heimestøl høyrde noko meir frå øvste hald i kommunen.

Men han fortel at han i slutten av mai blei ringt opp av kommunedirektør Boie Ludvigsen som fortalde at Gro Anita Bakketun var oppsagt. Ifølge Heimestøl skal kommunedirektøren ha understreka at ho ikkje lenger kunne uttale seg på vegner av kommunen i saka om vatnet i Hedalen.

– Eg blei svært nysgjerrig, seier Heimestøl, som dei siste vekene har publisert fleire artiklar om saka på Hedalen.no

Vil ikkje svare før eventuell etterforsking

Kor lenge kommunen har visst at drikkevatnet i Hedalen har ulovleg høgt fluorinnhald vil korkje ordførar Hougsrud eller kommunedirektør Boie Ludvigsen svare på.

– Vi er gjort kjent med at kommunen er meldt til politiet. Utover det finn vi det unaturleg å kommentere dette no av omsyn til ei eventuell etterforsking, seier Haakon Boie Ludvigsen.

– Ein kommune må følgje lova, seier Hougsrud, som fortel at kommunen no jobbar med ulike tiltak som kan få ned fluorverdiane i drikkevatnet.

– Men burde de ikkje gjort noko tidlegare?

– Eg kjenner ikkje detaljane i saka og kva som er blitt gjort. Det må komme fram i ei eventuell etterforsking, seier ordføraren.

Ordførar marit hougsrud

Ordførar Marit Hougsrud i Sør-Aurdal er ordknapp, og vil ikkje seie så mykje av omsyn til ei eventuell politietterforsking.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Ordførar Marit Hougsrud i Sør-Aurdal er ordknapp, og vil ikkje seie så mykje av omsyn til ei eventuell politietterforsking.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Gro Anita Bakketun seier at ho har meldt kommunen til politiet fordi innbyggjarane i kommunen har krav på å kunne stole på at det kommunale drikkevatnet er trygt og innanfor dei krava lova stiller.

– Som innbyggjar i ein kommune betalar ein for reint og trygt drikkevatn, noko kommunen har ansvar for å sikre. Men sidan 2009 har Sør-Aurdal kommunen ikkje halde denne plikta. Det er alvorleg, seier Bakketun.

Ho meiner det vitnar om dårleg forvaltningskikk når dette har fått gått føre seg over mange år i kommunen.

– Det å vite om slike forhold i så mange år er forsettleg og alvorleg. Og det er straffbart, seier ho.

Brønn i Hedalen

Dette er ein av fleire borebrønnar som hentar vatn opp frå grunnen til vannverket i Hedalen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Dette er ein av fleire borebrønnar som hentar vatn opp frå grunnen til vannverket i Hedalen.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Er vatnet helsefarleg?

Ifølge Forskrift om vassforsyning og drikkevatn (drikkevannsforskriften) skal drikkevatn til ei kvar tid vere i samsvar med krava i forskrifta.

Når det gjeld fluor er den lovlege grensa på 1.5 mg/l.

Drikkevatnet i Hedalen har på dokumenterte målingar sidan 2018 hatt verdiar over 2.0 mg/l.

I år visar målinga 2.3 mg/l.

Desse verdiane er ikkje farlege, men kan gje flekkar på tennene, særleg i kombinasjon med bruk av fluorhaldig tannkrem, ifølge Verdas helseorganisasjon.

Dei rår også mot vatn med for høgt fluorinnhald til spedbarn, gravide og ammande.

– Kommunen er likevel pliktig å følgje lova, seier Gro Anita Bakketun.

– Denne saka vitnar om at det går føre seg ei ureglementert forvaltning etter innfallsmetoden, og det er langt unna det som er akseptabelt i 2024, seier ho.

Hadde forventa ein annan respons

Arne Heimestøl drikk framleis vatnet i springen heime i Hedalen.

Men han forventar at kommunen gjer sitt ytste for å finne ut kva som har skjedd, og korleis dei i framtida skal sikre lovleg vatn til innbyggjarane.

– Kommunen bør skjerpe seg og setje inn tiltak straks, seier han.

Fluor i drikkevatn

Arne Heimestøl er ikkje redd for å drikke vatnet frå vannverket. Men han ventar at kommunen straks set i gong tiltak for å betre kvaliteten på vatnet.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Arne Heimestøl er ikkje redd for å drikke vatnet frå vannverket. Men han ventar at kommunen straks set i gong tiltak for å betre kvaliteten på vatnet.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Heimestøl er også forundra over at Gro Anita Bakketun ikkje fekk halde fram i jobben som kommunalsjef.

– Eg tenkjer at her er det ei samanheng mellom oppseiinga og det ho har prøvd å gjere, seier han.

Han trur seier mange i Hedalen er takknemlege for at ho har prøvd å løfte saka fram i lyset.

Bakketun sjølv vil ikkje ha så sterke meiningar om kvifor ho mista jobben.

– Men det er klart eg har tenkt tanken, seier ho.

Gro Anita Bakketun

– Eg grov ikkje etter denne informasjonen, men eg fann han. Eg hadde forventa at kommunen responderte annleis på det eg fann, seier Gro Anita Bakketun.

Foto: Arne Sørenes / NRK

– Eg grov ikkje etter denne informasjonen, men eg fann han. Eg hadde forventa at kommunen responderte annleis på det eg fann, seier Gro Anita Bakketun.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Ho fortel at ho likevel hadde forventa ein annan respons frå sine overordna.

– Eg forventar jo at slik at informasjon blir tatt i mot godt. For vi kan ikkje ha eit arbeidsliv i Noreg der tilsette i offentleg forvalting skal vere redde for å løfte fram og stille spørsmål ved kritikkverdige saker av redsel for å miste jobben, avsluttar ho.

Som nemt tidlegare i saka avviser ordførar Marit Hougsrud at det er noko samanhang mellom oppseiinga og saka om drikkevatn i Hedalen.

Publisert 20.06.2024, kl. 11.49

Read Entire Article