Dramaet i Sør-Atlanteren: Her er ein av flåtane frå skipet som gjekk ned

4 months ago 23


Ein krevjande redningsaksjon pågår framleis i Sør-Atlanteren etter at linebåten «Argos Georgia» gjekk ned i Atlanterhavet utanfor Falklandsøyene.

Båten sende naudmelding måndag kveld. Onsdag er dette status for dei 27 som var om bord, ifølgje nyheitsbyrået Reuters:

  • Ni personar er stadfesta døde etter forliset.
  • Fire er framleis sakna.
  • 14 personar er funne i live.

13 av dei som er berga var om bord i éin redningsflåte. Den siste vart funnen i ein flåte som var skada. Det seier Stig Ervik, direktør i Ervik Havfiske Holding til nyheitsbyrået.

Ein video NRK har sett viser korleis redningsmannskap tek inn ein av flåtane som er lokalisert etter forliset.

Videoen er publisert i spanske nettaviser.

Tung dag for selskap på Vestlandet

For Ervik Havfiske på Vestlandet er det tunge dagar.

NRK besøkte onsdag selskapet med base på Stadlandet.

– Ein båt er berre eit skrog. Det er menneskeliva som er det viktigaste, seier Stig Ervik til NRK.

Robert Ervik, dagleg leiar i Ervik Havfiske

– Situasjonen påverkar oss. Det kan vi ikkje nekte for. Våre tankar går til mannskapet og pårørande, seier dagleg leiar i Ervik Havfiske, Robert Ervik.

Foto: June Erdalsdal Kolstad / NRK

Vêret i området har vore ekstremt. Med vind opp mot 65 knop og rundt ti meter høge bølgjer. Redningshelikopter måtte gje opp søket.

Natt til tysdag var søkeforholda så ekstreme at berre ein større båt kunne opphalde seg i området.

Eit fly skal onsdag sveipe over området. Om vêrtilhøva tillèt det.

Mannskapet er frå Spania (10), Uruguay (2), Peru (2), Indonesia (5) og Russland (8). Båten seglar under St. Helenas flagg.

– Slikt går hardt inn på ein dagleg leiar, uansett om det er ein eller fleire som har gått bort. Våre tankar går til mannskap og pårørande, seier Ervik.

– Kjenner oss hjelpelause

Den 45 meter lange og 13 meter breie linebåten vart bygt i Tyrkia i 2018. Heile året fiskar den etter tannfisk i Rosshavet og rundt Sør-Georgia i Sør-Atlanteren.

Måndag var «Argos Georgia» på veg då den kom i ekstreme vêrforhold i Drakestredet. Styresmaktene på Falklandsøyene opplyser at båten byrja å ta inn vatn kring 200 engelske mil aust for Stanley.

– Det er ikkje noko god situasjon. Det skjer på andre sida av kloden, så vi kjenner oss litt hjelpelause, seier Ervik.

Kjem til kai i dag

Ervik Havfiske og Argos Frøyanes har no etablert kriseteam på Falklandsøyane. Pårørande blir følgde opp av selskapet sine tilsette i Stanly, samt styresmaktene.

Kriseteamet står klare når båtane med dei overlevande kjem til kai i Stanly.

Overlevande blir sendt rett til øya sitt einaste sjukehus, King Edward VII Memorial Hospital.

– Vi er klare når dei kjem inn i løpet av dagen. Pårørande og mannskap blir godt tekne hand om når dei kjem, seier Ervik.

Uviss årsak til ulukka

Det er førebels uvisst kvifor ulukka skjedde. Båten er berre nokre få år gamal, og det har ifølgje Ervik aldri vore problem med «Argos Georgia».

Ervik seier det er fast med både øving og runde for å bli kjend med båt og utstyr før båtane deira skal på oppdrag. Fast rutine er også sikring av last og utstyr.

– Vi er bra budde, men når ting skjer så kan det vere vanskeleg å handtere, seier han.

Publisert 24.07.2024, kl. 14.51 Oppdatert 24.07.2024, kl. 14.54

Read Entire Article