– Brannvesenet har søkt gjennom bustadane, og har ikkje funne andre personar, seier John Pilskog i politiet.
Det skal vere fire personar registrert på adressa. Det kjem mykje røyk frå brannen, og naboar blir bedd om å lukke vindauge til brannen er sløkt.
Brannvesenet tok tidleg ned flammane i taket på bygget, og hindra dermed spreiing til andre hus.
Publisert 02.11.2024, kl. 18.48