Den norskeigde langlinefartyet forliste på veg frå Port Stanley på Falklandsøyene til fiskefelta utanfor Sør-Georgia då båten gjekk ned i ein kraftig storm.
13 av mannskapet på 27 omkom.
Undersøkinga som den britiske havarikommisjonen er i gang med på vegne av styresmaktene i St Helena, viser at granatdøra på styrbord side fall sakte ned i heilt open posisisjon. Dette gjorde at betydeleg mengder vatn fossa inn i båten.
Britiske styresmakter rår alle eigarar, operatørar og skipparar av fiskefarty utstyrt med sideskalldører til å sikre passande og tilstrekkeleg risikovurderinga av vasstett integritet, skriv dei i rapporten.
Publisert 11.10.2024, kl. 11.12 Oppdatert 11.10.2024, kl. 11.22