Dette er konspirasjonsteoriane etter Trump-attentatet

4 months ago 38


I helga overlevde presidentkandidat Donald Trump eit attentat.

Sidan har det koka over med falske påstandar om kven som eigentleg står bak angrepet.

Donald Trump blei eskortert av scena under eit valkamparrangement i Pennsylvania laurdag.

Asbjørn Dyrendal er professor i religionsvitskap på NTNU og ekspert innan konspirasjonsteoriar.

– Det er ikkje overraskande at konspirasjonsteoriar dukkar opp etter store hendingar, seier han.

Dyrendal fortel at konspirasjonsteoriar er eit vanleg fenomen i USA.

– Folk spreier konspirasjonsteoriane fordi dei er usikre på kva som har skjedd og vil vite meir. Er forteljinga god nok, vert det spreidd vidare og fleire byrjar å stole på det dei les.

Asbjørn Dyrendal står med et tre og en gate i bakgrunnen. Han har på seg en grønn-brun jakke med hette.

Ekspert innan konspirasjonsteoriar, Asbjørn Dyrendal fortel at mange går inn for å prøve å finne moment som ikkje heilt passar inn.

Foto: Mari Aftret Mørtvedt / Mari Aftret Mørtvedt/NRK

Forskaren seier at det viktigaste ein kan gjere er forhalde seg til bekrefta fakta.

Likevel trur ikkje han at bekrefta fakta vil stoppe folk frå å konspirere i tida framover.

NRK har teke for seg nokre av konspirasjonsteoriane om kven og kva som stod bak attentatet på Trump.

Deep state

Fleire skriv på X at Deep state ønskjer å bli kvitt Trump og dermed står bak attentatet.

– Deep state prøvde å myrde Donald Trump på TV, skreiv ein anonym X-konto med fleire hundretusen følgjarar.

Election 2024 Trump

Sjokkerte publikummere ser Trump bli lagt i bakken av sikkerhetsvaktene sine.

Foto: Gene J. Puskar / AP
Donald Trump Holds A Campaign Rally In Butler, Pennsylvania

Secret Service venter på at det skal bli klart for å frakte Trump bort fra stedet.

Foto: ANNA MONEYMAKER / AFP
Donald Trump Holds A Campaign Rally In Butler, Pennsylvania

En i publikum ble drept og to ble kritisk skadet.

Foto: JEFF SWENSEN / AFP
Donald Trump Holds A Campaign Rally In Butler, Pennsylvania

Trump ble holdt nede på scenen etter skuddene.

Foto: ANNA MONEYMAKER / AFP
Election 2024 Trump

Etter kort tid blir Trump fulgt av scenen.

Foto: Gene J. Puskar / AP
Donald Trump Holds A Campaign Rally In Butler, Pennsylvania

Han hilste mot publikum flere ganger på vei mot bilen.

Foto: ANNA MONEYMAKER / AFP
Election 2024 Trump

Kulen traff ham i øret.

Foto: Gene J. Puskar / AP

«Deep state» refererer til eit hemmeleg nettverk som består av innverknadsrike menneske i regjeringa og andre institusjonar.

Omgrepet fekk auka merksemd under presidentvalet i 2016 og vart meir framståande etter at Trump vart president.

Det finst ingen bevis på at Deep state eksisterer eller at dei står bak attentatet.

Trump har iscenesett det sjølv

Ein anna konspirasjonsteori er at Trump har iscenesett attentatforsøket mot seg sjølv.

Konspirasjonsteorien «False flag-operation» går ut på land eller enkeltmenneske organiserer eit åtak mot seg sjølv og får det til å sjå ut som det er andre som har utført åtaket.

Kort tid etter hendinga hadde emneknaggen «staged» hundretusenvis av innlegg på X.

Donald Trump holder opp en knyttet neve etter å ha blitt truffet av et streifskudd under et valgkampmøte i Butler, Pennsylvania. Han har blod i ansiktet fra en skade ved det ene øret.

Trump held knyttneven i vêret etter at han vart skoten.

Foto: ANNA MONEYMAKER / AFP

Mange skriv at det var rart at Trump tok seg tid til å stoppe for ta knyttneven i vêret før han vart eskortert vekk i ein bil.

Andre peikar på Secret Service. Dei meiner det at tryggingstenesta ikkje reagerte fort nok beviser at hendinga var iscenesett.

Det finst ikkje bevis på at attentatet er iscenesett.

Biden står bak

Fingeren blir også retta mot president Joe Biden.

Fleire republikanske politikarar meiner Biden har skulda. Republikanar og kongressmedlem Mike Collins skriv på X at det var presidenten som gav ordren.

Senator J.D Vance, som har blitt utpeika som ein potensiell visepresidentkandidat for Trump, skriv på X at Bidens kampanjeretorikk førte til drapsforsøket.

Bak innlegga peikar republikanarar og demokratar på kvarandre.

Dyrendal fortel at republikanarane legg skulda på Biden og meiner at gjerningsmannen har fått motivasjonen derfrå. Medan demokratane meiner at heile hendinga var iscenesett av Trump.

Biden tala etter Trump-skytinga

Biden tala etter Trump-skytinga, der sa han at landet måtte halde saman.

Det finst ingen bevis på at president Biden står bak attentatet.

Feil gjerningsperson vart drepen

Spekulasjonane florerer òg om rett gjerningsmann vart tatt. Fleire nettsider har peika på den antifascistiske og antirasistiske rørsla Antifa, som er kort for antifascist.

Thomas Matthew Crooks ligger livløs på taket etter å ha avfyrt flere skudd mot Donald Trump.

Thomas Matthew Crooks (20) blir tatt av Secret Service.

Foto: Twitter

Trump har tidlegare skulda Antifa for vald ved Black lives matter-protestar, han har også sagt at han vil peike ut dei som ein terrororganisasjon.

Gjerningspersonen er av FBI utpeika til å vere 20 år gamle Thomas Matthew Crooks.

Thomas Matthew Crooks, mannen FBI sier skjøt mot Donald Trump. Bildet er fra skolens årbok i 2020.

Foto: Aaron Josefczyk / Reuters

Han vart kort tid etter skytinga skoten og drepen av Secret Service-agentar. Motivet hans er ikkje kjent.

Det finst ikkje bevis for at andre enn Crooks står bak.

Publisert 15.07.2024, kl. 17.31

Read Entire Article