– Tigermygg? Kva er det? svarar Henriette Jæger når ho blir spurd av NRK.
26. juli er det klart for opningsseremonien under OL i Paris.
Tigermyggen som har rykt inn i OL-byen gjer at Jæger og dei andre norske utøvarane kan bli nøydde til å ta forholdsreglar.
Myggen kan potensielt bere på virussjukdommen denguefeber.
– Symptom på denguefeber kan vere vondt i hovudet, musklar og ledd, slik som andre virussjukdommar. Ein kjenner seg elendig, seier Elisabeth Astrup, lege ved FHI, avdeling for smittevern og beredskap.
Astrup fortel likevel at det berre er 3 av 10 av dei som får viruset som får symptom.
Kan ta med seg viruset til Paris
– I Paris har tigermyggen nå etablert seg i nokon delar av byen, seier den medisinske entomolog-forskaren Francis Schaffner på telefon frå Frankrike.
Det finst ikkje tal på tilfelle av denguefeber hittil i Frankrike i år, men det er allereie fleire tilfelle enn for heile 2023, fortel Schaffner.
Tigermyggen ber først viruset når han har stukke ein person med denguefeber. Frykta er at turistar og OL-reisande skal ta med seg viruset til Paris.
Dengueviruset er hovudsakleg utbreidd i Asia, Sør-Amerika og Karibia.
Vil auke utover sommaren
– Det er ganske tydeleg kor mykje han har spreidd seg i Frankrike, seier Sondre Dahle, biolog ved Norsk institutt for naturforsking (NINA).
Han viser til karta der ein ser utviklinga på spreiing av tigermygg i Europa frå 2017 til i dag.
Der kan ein tydeleg sjå korleis området som viser kor tigermyggen har etablert seg (raudt), har flytta seg nordover til Paris:
Det er forventa at talet på tigermyggar i Paris aukar utover sommaren, der toppen som regel ligg i september.
– Per nå er det likevel låg risiko for å bli smitta i Frankrike, fortel biologen.
– Å bli smitta av denguefeber i ein fransk by var ein utopi før tigermyggen kom. Men nå er det faktisk realitet.
AFP
Tigermygg
Listet på den norske fremmedartslisten under kategorien høy-risiko. Det vil si at man er redd for at den skal komme til Norge.
Den er 1 av de topp 100 invasive arter i verden.
AP
Karakteristisk utseende
Myggen er liten. Navnet "tigermygg" kommer av dens svarte og hvite mønster.
– Det er synd at den skal være så skummel som smittebærer, for jeg synes den er veldig pen, sier biolog Sondre Dahle ved NINA.
AFP
Uvanlig mygg
Tigermyggen trives godt i byer. I motsetning til andre mygger kan denne være pågående i solskinn på dagtid, og ikke bare på kvelden og natten.
Kilde: Sondre Dahle, biolog ved Norsk institutt for naturforskning (NINA).
Vurderer myggtelt
Før OL i Rio i 2016 var det utbrot av Zikavirus. Den gong hadde òg tigermyggen mykje av skulda.
Da hadde Karsten Warholms trenar Leif Olav Alnes med seg tre myggtelt.
– Det var ikkje nødvendig å bruke dei, men det var mykje «fuzz», seier han.
Til sommar-OL lurer nå Alnes på om han nå kan få bruk for dei.
– Kanskje eg må i kjellaren og leite etter telta. Eg har sikkert ikkje kasta dei, ler Alnes.
Sjølv om det er låg risiko for å bli smitta, anbefaler lege Astrup at utøvarane i Paris tar forholdsreglar.
– Det vil vere lurt for dei å tenke på myggvern, seier ho.
Ho trekker fram å dekke til hud og bruk av myggmiddel med DEET som dei viktigaste tiltaka.
Til Alnes myggtelt svarer ho at det vil vere med på å redusere smitterisikoen, men faren for smitte er liten.
Men sjølv om sjansen for smitte foreløpig er låg, vil konsekvensane vere store viss ein norsk utøvar får denguefeber.
– Symptoma kan samanliknast med influensa. Sjukdom like før OL vil dermed få konsekvensar, seier Astrup.
Blir gjort tiltak
På grunn av den aukande mengda tigermygg og tilfelle av denguefeber, fortel Francis Schaffner at det nå blir gjort tiltak i Paris.
– Myndigheitene gir informasjon til folket for å redusere hekkeplassane til myggen.
Han forklarer at vassdammar rundt hus er eksempel på ein slik hekkeplass.
Samtidig blir det grep gjort når personar får denguefeber.
– Områda der tilfella blir oppdaga overvakast. Er det aktiv mygg der vil det gjennomførast spraybehandling 150 meter rundt huset, seier Schaffner.
OL i Paris blir arrangert 26. juli–11. august. Paralympics går av stabelen 28. august–8. september.
Slakter Ronaldos ukjente feiring: - Nei, nei! 00:59
Publisert 04.07.2024, kl. 18.15