Den «maskerte» svensken nektar å svare om gesten: – Dei får fortsette å fundere

2 weeks ago 8


– Ingen brydde seg før eg tok på maska, skreiv svensken på Instagram.

Men nå bryr folk seg om Viktor Gyökeres.

Sitatet har også blitt sagt av skurken Bane i Batman-filmen The Dark Knight Rises. Og feiringa til Gyökeres, har av fleire blitt tolka som ein referanse til superskurken. Utan at han sjølv bekreftar det.

Svensken feirar med samanfletta hender over munnen når han skårar mål – noko han har gjort mykje i det siste. Seinast etter at han sette inn 3–0 målet mot Estland måndag. Og det er nettopp det som har gjort han til ei varm potet i fotballverda akkurat nå.

Azerbaijan Sweden Nations League Soccer

FIN FLYT: Gyökeres har all grunn til å vere fornøgd med skåringsforma om dagen.

Foto: AP

– Ein av dei beste på kontinentet

For Gyökeres har pøst inn mål og verkeleg fanga folks merksemd. Han har skåra både for landslaget i nasjonsligaen og for Sporting Lisboa i den portugisiske ligaen. Da han spelte sin første kamp i meisterligaen blei det også skåring – i åttande kamp på rad.

Og då tok det av.

Ifølge Aftonbladet kåra franske L’Equipe svensken til banens beste i meisterligakampen mot Lille, og dessutan kom med karakteristikkar som at han var eit «monster», «ein svensk koloss» og at han levde opp til ryktet sitt.

– Den svenske midtspissen har skåra raskare enn sin eigen skugge dei siste månadene, skriv franske RMC.

Viktor Gyökeres

LUCKY LUKE: Gyökeres har verkeleg vore i skåringsform det siste året.

Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP

Nektar å svare

Men betydninga av målgesten, som har dukka opp jamt og trutt – ja, når han skårar mål – har han til så lenge halde for seg sjølv.

NRK tok kontakt med SVT som stilte Gyökeres spørsmålet på vegne av nysgjerrige nordmenn.

– Skal eg spørje om målgesten av omsyn til nordmennene? spør SVT-reporteren.

– Nei, dei får fortsette å fundere der borte, svarer Gyökeres med eit lurt smil om munnen.

– Eg skal ikkje presse deg då?

– Du kan presse meg om du vil, men ...

– Kjem du til å seie det nå?

– Nei.

Så då får ein berre fortsette å lure.

  • Viktor Gyokeres

    SIGNATURFEIRING: Slik feirer Gyökeres etter hver scoring.

    Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP
  • Viktor Gyokeres

    SIGNATURFEIRING: Slik feirer Gyökeres etter hver scoring.

    Foto: PATRICIA DE MELO MOREIRA / AFP

Nesten Haaland-statistikk

Men skåringsforma og interessa rundt svensken er ingenting å lure på. I ein analyse i The Guardian skriv fotballskribenten Ben McAleer følgande:

– Gyökeres er kanskje ikkje like profilert som Erling Haaland, eller eit etablert namn på same måte som Victor Osimhen, men det burde ikkje halde spissen tilbake frå å etablere seg som ein av dei beste på kontinentet.

Førre sesong blei det 43 mål og 15 målgivande pasningar på 50 kampar for Sporting Lisboa.

Så langt denne sesongen står han med 16 mål på ti seriekampar for klubben, to skåringar i meisterligaen, og dessutan tre skåringar for det svenske landslaget denne sesongen.

Det er nesten like god statistikk som Haaland, som har 11 mål på ti kampar for Manchester City. Haaland har også tre mål for landslaget – seinast to mot Slovenia som sikra han skåringsrekorden på landslaget.

Premier League - Manchester City v Fulham

BLIR SAMANLIKNA: Erling Braut Haaland

Foto: Lee Smith / Reuters

Og nettopp dei to får teste seg mot kvarandre når City møter Sporting Lisboa i meisterligaen.

Det blir ein tøff test for oss. Ekstremt bra motstand. Det skal bli interessant. Men vi er også veldig bra og i bra form. Så det er klart at vi går ut for å gjere det beste og sjå til at vi gjer ein bra prestasjon, seier Gyökeres.

Gyökeres og Sporting Lisboa møter Haaland og Manchester City 5. november i meisterligaen.

Publisert 05.11.2024, kl. 18.37

Read Entire Article