Dei vil at ungdommane skal bli aktivistar, medan engasjementet for miljø fell

2 months ago 16


– Vi har ein liten draum om at de skal bli dei som kanskje løyser den utfordringa for oss.

Det seier pedagog Torbjørn Våga frå Vitensenteret Innlandet til elevane i 9. klasse frå Løten Ungdomsskole.

Drivande på Mjøsa, på ein over 100 år gammal bilferje, har dei eitt mål for auget: å lære om miljøutfordringane som truar innsjøen.

Miljøprosjekt Mjøsa

Anton Aarnes Nilssen og Maja Limoseth Thoresen er blant elevane som deltek i prosjektet.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Eg er ikkje så «på» miljø, eigentleg. Eg er ikkje så gira, seier ein av elevane, Anton Aarnes Nilssen.

– Men eg prøver så godt eg kan å endre litt i kvardagen – etter dette, seier han.

Baderestriksjonar i Mjøsa

Med undervassdronar får elevane sjå kva som skjuler seg i drikkevasskjelda til over 100.000 menneske.

Der finst ikkje berre blågrønalgar, som la ein dempar på badesesongen i år, men også alt frå dumpa ammunisjon til miljøgifter.

Miljøprosjekt Mjøsa

Undervassdronar blir brukt til å undersøke forureining i innsjøen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Vil redde Mjøsa

9.-klassingane er ein del av prosjektet kalla Oppdrag Mjøsa.

Hensikta med prosjektet er å lære om berekraft og ta vare på miljøverdiane i den største innsjøen i Noreg.

Dei neste to åra skal 3500 elevar frå sju kommunar rundt Mjøsa delta.

Meininga er at ungdom som veks opp langs Mjøsa skal forstå det som skjer med innsjøen.

Miljøprosjekt Mjøsa

Elevane bruker mikroskop for å undersøke vassprøver.

Foto: Knut Røsrud / NRK

– Dramatisk for Mjøsa

– Dei må skjønne at det skjer noko forholdsvis dramatisk med Mjøsa. Vi ønsker å skape eit engasjement for å gjere noko med det, seier direktør Arne Julsrud Berg i Mjøsmuseet, som er med på å organisere turen, saman med Vitensenteret og NTNU.

– På 1970-talet engasjerte husmorforeininga i Gjøvik seg i Mjøsaksjonen. Vi treng det på nytt. Vi treng miljøaktivistar som vil gjere noko.

Pedagog Elisabeth Bjerke Råstad frå Vitensenteret Innlandet seier at elevane gjer alt sjølve.

– Dei tek prøver av vatn og plankton, og bruker kroppen og hovudet på ein annan måte enn i eit klasserom, seier ho.

– Dette er artigare enn å gå på skulen i alle fall. Det er gøy å komme seg ut litt, seier Anton Aarnes Nilssen.

Fallande engasjement for miljø og klima

Fleire undersøkingar viser at ungdommar engasjerer seg mindre for klima nå enn før.

Blant anna har Natur og Ungdom sitt medlemstal halvert seg dei siste fem åra.

Arne Julsrud Berg i Mjøsmuseet er ikkje redd for at elevane skal bli lei av «mas» om miljø og klima.

Han seier at dei gjennom dette prosjektet får ei praktisk tilnærming, der sanseinntrykka blir tatt i bruk.

– Da er det lettare å skjønne kvifor dette er viktig.

Kostbart prosjekt

Dei største bidragsytarane til prosjektet er Sparebankstiftelsen DNB og Hedmark Sparebankstiftelse, som har gjeve over 6 millionar kroner.

Dei som står bak er Vitensenteret Innlandet og Mjøsmuseet i samarbeid med Mjøssamlingene og Atlungstad Brenneri. Prosjektet skal vare ut 2027.

Miljøprosjekt Mjøsa

I alt 3500 elevar skal delta i prosjektet gjennom ei periode på over tre år.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Publisert 17.09.2024, kl. 16.49

Read Entire Article