Dei risikerer å måtte betale hundretusenvis for brua sjølv etter uvêr

1 week ago 11


Ein halvtime før André Odberg Djupdal skulle i gravferd i Hallingdal til stefar sin, saman med kona Benedikte Iren Djupdal, fekk dei sjokk da dei las nyheitene.

– Det var bilete frå tomta vår. Da såg vi korleis det såg ut heime. Det var ikkje noko god oppleving, seier André.

Store nedbørsmengder ramma nemleg fleire plassar på Austlandet hardt i byrjinga av september. Blant anna heimstaden deira i Brumunddal.

Da paret kom heim, var det dette synet som møtte dei:

Flomskader i Brumunddal

Brua til eigedommen tok skade, mest på enda til paret sin eigedom.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK
Flomskader i Brumunddal

Dette er ikkje graving for å fikse røyr. Her har elva gravd ei grop gjennom heile plenen.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK
Flomskader i Brumunddal

Garasjen blei fylt av blaut jord.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK
Flomskader i Brumunddal

Vatn rann inn gjennom vindauge og døra i kjellaren.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK
Flomskader i Brumunddal

Søppelskuret fór over eigedommen og stranda i elva 50 meter lengre ned.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK
Flomskader i Brumunddal

Låven er omringa av steinmassar.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

– Eg gret, seier Benedikte.

– Det var heilt forferdeleg å sjå. Dette er den første heimen vi har kjøpt.

Ingen tek ansvar for brua

Ekteparet er nøgd med forsikringsselskapet.

Dei meiner at dei handla tidleg og har gjort mykje for å hjelpe dei.

Men forsikringsselskapet seier at dei ikkje kan dekke kostnaden for brua til eigedommen.

Uværet øydela mykje på eigedomen til Andr Odberg Djupdal og Benedikte Iren Djupdal i starten av september.

Brua fell litt på sida mot fylkesvegen, mest på ekteparet sin eigedom.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Brua fell litt på sida mot fylkesvegen, mest på ekteparet sin eigedom.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Den står på Innlandet fylkeskommune sin tomt.

Men fylkeskommunen vil ikkje dekke kostnaden, fordi vegen går berre til ein privat eigedom.

I midten står ekteparet med ein kostnad på fleire hundretusen.

– Vi har ikkje fleire hundretusen å erstatte ei bru med, fortel André.

Flomskader i Brumunddal

Det skal mindre vatn til no, før vatnet kjem inn på eigedommen.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

– Arrogant

André og Benedikte har difor ikkje nokon trygg veg til eigedomen.

Det gjer at bustaden teknisk sett ikkje er bebueleg.

Uværet øydela mykje på eigedomen til Andr Odberg Djupdal og Benedikte Iren Djupdal i starten av september.

André Odberg Djupdal er oppgitt over at fylkeskommunen ikkje viser større forståing.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

André Odberg Djupdal er oppgitt over at fylkeskommunen ikkje viser større forståing.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Dei kritiserer fylkeskommunen for deira ansvarsfråskriving og behandlinga dei har fått.

– Vi blei møtt med ein mangel på forståing og ein arroganse i svara deira.

Arne Fredheim, leiar for vegseksjonen i fylkeskommunen, seier at det ikkje høyrast bra ut, men at dei berre held seg til lova.

– Vi får sjå på korleis vi har snakka med dei. Men vi gir dei svara som vi gir ut frå det regelverket som vi held oss til, seier Fredheim.

– Viss dei opplev oss som arrogante, så må eg beklage på vegner av fylkeskommunen.

– Ikkje vårt ansvar

Det har vore travelt for fylkeskommunen etter uvêret.

Fleire fylkeskommunale vegar blei stengd, og i tillegg blei riksvegen E6 stengd to gonger grunna skred.

Flomskader i Brumunddal

Hos ekteparet Djupdal har noko av fylkesvegen rasa ned i elva.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Fredheim visar til lovar og forskrifter om vedlikehald og reparasjon av privat veg, og seier at dei ikkje har ansvar for anna enn fellesvegane.

– Når det er private brukarar, er det dei som har ansvaret for vegen. Vi tek dei vegane som er open for fri ferdsel. Det er forsikringsselskapet som må hjelpe. Det kan vere, i nokre døme, at forsikringsselskapa må ta kontakt med oss i ettertid, forklarer Fredheim.

Arne Fredheim, leder, veiseksjonen, Innland fylkeskommune

Arne Fredheim, leiar i Innlandet fylkeskommune si vegseksjon, fekk mykje å gjere etter uvêret i starten av september.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

Dei kan ikkje slå fast kor mange bustadar som har liknande problem, men Fredheim seier både offentlege og private vegar råkast hardt, særleg etter ekstremvêret Hans.

– Det er mange som blir råka av slikt, og da må vi få vegane opne så fort som mogeleg, seier vegleiaren.

Månadar med venting

Paret i Brumunddal har søkt erstatning frå staten si naturskadeordning.

Landbruksdirektoratet opplyser til NRK at dei har fått tre søknadar om erstatning frå Innlandet etter uvêret.

Flomskader i Brumunddal

Garasjen spylast tom for jord. I alle fall der bilen ikkje står fast.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

– Søknadsfristen er tre månadar etter skada har skjedd. Mogelege søkarar har enda god tid på seg til å søke om erstatning for skadar som kom i dette tidsrommet, seier seksjonssjef Grete Mari Sand i Landbruksdirektoratet.

Fordi fristen for å søke erstatning er tre månadar frå hendinga fann stad, må ekteparet vente til over nyttår før saka blir behandla.

Flomskader i Brumunddal

André Odberg Djupdal og Benedikte Iren Djupdal må venne seg til skadane i lang tid framover.

Foto: Bjørnar Morønning / NRK

I mellomtida må dei venne seg til ein ny kvardag.

– Det er vanskeleg. Heldigvis har vi gode folk rundt oss som hjelper oss når vi treng for eksempel klesvask og ved, seier Benedikte.

– Det er litt uverkeleg.

Publisert 27.09.2024, kl. 21.11

Read Entire Article