Dei nye politikontora: – Naturleg og heilt fornuftig

5 days ago 5


Få besøk og få politimeldingar.

Det er status for fleire av politikontora som regjeringa har gjenopna det siste året.

I sommar har mellom anna to politifolk brukt ein time på å køyre tur-retur frå Fredrikstad til Hvaler to gonger i veka for å halde liv i det sommaropne Hvaler-kontoret.

Det var regjeringa som ønskte eit politikontor her.

Men i sommar har berre fem oppsøkt kontoret. Ingen av dei leverte politimeldingar.

Statssekretær Sigve Bolstad (Sp) seier han ikkje vil henge seg så mykje opp i talet på politimeldingar.

– Politiets oppgåva er å sørgje for ro, orden og tryggleik i heile landet, også der. Politiet skal ikkje berre sitte inne. Det skal vere dialog mellom politi og kommunen, der politiet skal vere ein del av lokalsamfunnet, svarer han.

Flere politikontor

Sigve Bolstad (Sp) møtte nestleiar i Høgre (til høgre) til debatt om dei nye politikontora.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

– Særs tilfredse

Å gjenopne politikontor var eit sentralt valløfte frå Senterpartiet i stortingsvalkampen 2021.

I fjor blei det bekrefta at regjeringa skulle gjenopne 20 kontor rundt om i heile landet, frå Karlsøy i nord til Kvinesdal i sør. Ein del av kontora opna i fjor, resten opnar i år.

Bolstad er glad for kontora. Han trekk mellom anna fram opninga av politikontoret på Mortensrud i Oslo som ein suksess.

– Men ein må vel ikkje opprette eit kontor på Hvaler for å opprette eit politikontor på Mortensrud?

– Det var 20 tenestestadar som blei gjenopna. Geiranger og Hvaler er opne på sommarstid. Det er fordi det er mange folk som er der. Da er det naturleg og heilt fornuftig å ha politi tett på, seier han.

– Sjølv om det nesten ikkje kjem nokon folk innom?

– Det var ikkje nødvendigvis utgangspunktet at politiet skulle sitte bak ei skranke og vente på nokon ting. Dei skal ut og vere ein naturleg del av det, og i tilbakemeldingane som vi får frå kommunane, er at dei er særs tilfredse med å få politiet tettare på seg.

Flere politikontor

Bolstad (Sp) er glad for alle dei nye kontora regjeringa har gjenopna. Men nestleiar i Høgre Henrik Asheim (til høgre) peiker på at politiet aldri har ønskt seg fleire kontor.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Vil ha fleire politifolk

Då Erna Solberg (H) var statsminister blei 126 politikontor lagt ned. Nestleiar i Høgre Henrik Asheim vil ikkje ha kontora tilbake.

– Det viktigaste er å ha nok synleg politi i nærmiljøet, enten det er i byene eller i distrikta. Då må ein tilsette fleire politifolk som kan vere ute og synlege, og ikkje nødvendigvis prioritere fleire politikontor som ikkje får noko besøk, seier han.

Han peiker på at politiet sjølv ikkje har ønskt fleire kontor.

– Vi bør tilsette fleire politifolk og slutte å bruke tid og krefter på å opprette kontor som får svært få besøk, meiner han.

Flere politikontor

– Vi bør tilsette fleire politifolk og slutte å bruke tid og krefter på å opprette kontor som får svært få besøk, meiner Asheim i Høgre.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Publisert 01.10.2024, kl. 07.35

Read Entire Article