Måndag kveld gjekk det eit større steinras som trefte ei hytte og ein eigedom på øya Ombo i Stavanger.
Store steinblokker har rasa, og dei har knust ein bil på eigedommen.
– Det er ein del fjell som har rasa ned. Dei har hatt englevakt dei som budde i denne hytta, det er det ingen tvil om, seier innsatsleiar Håkon Eide i Ombo brannkorps.
Fem familiar kom verken ut eller inn av området på grunn av sperringane som var sette opp, men litt etter klokka 11 blei vegen opna slik at dei kunne hente ting.
Det er ikkje fare for at det går ras der familiane bur.
– Vi veit for lite om det kan komme til å gå nye ras. Det er også grunnen til at vi sperrar av området. Her blir det vidare undersøkingar som må til før ein er sikker på om det er fare for ytterlegare ras.
Det seier Razmus Viggen, brann- og redningssjef i Rogaland brann og redning.
Undersøker området
To geologar skal på oppdrag frå Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) kartlegger vidare rasfare i området.
– Vi skal bruke drone, og gå litt opp i terrenget for å sjå kor stor faren er, seier ingeniørgeolog frå Multiconsult, Håvard Barkved.
Ordførar i Stavanger kommune, Sissel Knutsen Hegdal (H) seier til NRK at dei ikkje har hatt ein plan om rassikring i området til no.
– Men det har vore ein historikk med ras. Det vi må gjere no er å studere historikken, og finne ut kva som er problemstillinga vidare.
Ho seier det gjer sterkt inntrykk å sjå bileta av steinblokkane som har rast ned.
– Eg er enormt takksemd for at det ikkje blei personskadar som følge av raset.
Turistar blei vitne til raset
På grunn av fare for nye ras har 21 personar blitt evakuerte frå hyttefeltet som består av 17 hytter.
– Dei fleste evakuerte som har hytter her, har dratt heim til eigen bustad. Men det er nokon tyskarar som hadde leigd ei hytte rett nedanfor der raset gjekk. Dei fiska da raset gjekk, og såg det skje, fortel Eide.
Tyskarane blei evakuerte til ei anna hytte på øya.
To store ras i 2013
Det er ikkje første gong det har rasa i dette området. I 2013 var det to store ras, også den gong utan personskade.
– Da var det også dramatisk, og det blei sett opp sikringsnett, men denne hytta ligg akkurat utanfor sikringsområdet, seier innsatsleiar Eide.
Hytteforeininga har etterlyst rassikring sidan den gongen, har Strandbuen tidlegare skrive.
Publisert 09.07.2024, kl. 11.46 Oppdatert 09.07.2024, kl. 11.59