Chappell Roan til Noreg for fyrste gong

5 days ago 7


Den amerikanske artisten Chappell Roan kjem til Noreg for fyrste gong sommaren 2025.

Då skal ho avslutta den fyrste dagen av Øyafestivalen, skriv dei i ei pressemelding.

– Ho er blant artistane flest Øya-publikummarar har ønska seg til neste års festival. Dette vert den einaste konserten hennar i Noreg i 2025, skriv dei vidare.

Roan har på kort tid vorte ein av verdas største artistar.

Ho slo for alvor gjennom i år med låtar som «Hot to go» og «Good luck, babe». Båe låtane nærmar seg 1 milliard avspelingar på strøymetenesta Spotify.

Vann pris for beste nye artist

Roan er òg nominert til heile seks Grammy-prisar. Dei siste åra har ho mellom anna turnert med artisten Olivia Rodrigo.

Nyleg vann ho prisen som beste nye artist på MTV Video Music Awards. Blant dei andre nominerte var mellom anna Benson Boone og Gracie Abrams.

Artisten heiter eigentleg Kayleigh Rose Amstutz, men er utan tvil mest kjent under artistnamnet sitt.

Musikken hennar er mellom anna inspirert av synthpop frå 1980-talet og tidlig 2000-tals popmusikk.

Publisert 19.11.2024, kl. 11.27 Oppdatert 19.11.2024, kl. 11.39

Read Entire Article