Butikkar reklamerer med at dei skal legga ned – kan vera ulovleg

2 hours ago 3


«Eg må diverre kunngjera at vår kjære familiebedrift er stengd.»

«Det er med tungt hjarte og stor takksemd me må kunngjera at butikken legg ned.»

«Siste sjanse til å seia farvel! Me stenger no!»

Kjenner du igjen denne typen reklame frå Facebook?

Dei dukkar stadig opp; annonsane som seier at ein butikk skal legga ned straks og difor har eit stort utsal på gang.

Det er i og for seg ikkje noko gale i det.

Problemet er at desse butikkane tilsynelatande reklamerer med opphøyrssal i lang tid – utan å nokosinne faktisk legga ned.

Det kan vera ulovleg, seier Thomas Iversen, juridisk seniorrådgivar i Forbrukarrådet.

Viss ei bedrift seier at han har opphøyrssal, gir dei nemleg eigentleg beskjed om at prisane er lågare enn vanleg og at det er knappleik på varer.

Viss ikkje noko av det stemmer, vil den marknadsføringa fort vera villeiande. Det er forbode.

En mann med brunt hår i dress, i bakgrunnen synes en blomsterbusk og et bygg med store vinduer.

Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier dei kjenner til slike annonsar, men at dei ikkje har noko oversikt over omfanget.

Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRK

Han trur det finst ei enkel forklaring på kvifor nokre likevel vel å reklamera på denne måten.

– Det er eit lokkemiddel for å tena pengar. Raske pengar, samanfattar Iversen.

Ikkje noko grense

Det skal vera ein realitet i det ei bedrift seier i ei reklame.

Samtidig set ikkje lova noko grense for kor lenge ei bedrift kan reklamera for eit opphøyrssal, seier Iversen.

– Viss bedrifta planlegg å legga ned, kan det vera ein ganske lang periode. Men viss ei bedrift igjen og igjen marknadsfører med at «no er det siste sjanse», er det fort ugler i mosen.

Forbrukarrådet har ikkje gjort noko kartlegging av kor stort dette problemet er, men stadfestar at dei er kjende med det.

Seier dei skal legga ned

Tone Trondheim er ein av nettbutikkane som i ein periode har reklamert med at dei skal legga ned.

  • 3. september dukka det opp ei annonse på Facebook kor det stod at dei skulle legga ned. Viss ein trykka seg vidare inn på heimesida, vart ein møtt av eit banner som sa at salet vert avslutta «i dag».
  • Ei veke etterpå stod det framleis at salet vert avslutta «i dag».
  • 21. september står det plutseleg at salet «nærmar seg slutten».

Nesten tre veker etter at butikken sa dei skulle legga ned same dag, held dei altså framleis på.

Tone Trondheim reklamerer med konkurssalg

– Utsalet vert avslutta i dag, skreiv Tone Trondheim tidleg i september. Men det stemde ikkje.

Foto: Skjermdump/Tone Trondheim

Eit anna døme er Norry Oslo. Sidan minst 30. august har dei reklamert med at dei skulle legga ned.

Facebook-annonse for Norry Oslo, kvinner i ulike kjoler

Denne reklamen frå 30. august sa at salet til Norry skulle vara i 24 timar. Tre veker etterpå er det ikkje noko teikn på at salet er slutt – eller at nettbutikken er nedlagd.

Faksimile: Skjermdump/Norry Oslo

Følger ein lenka inn på nettbutikken, vert ein møtt av ei nedteljing og eit kjenslefylt innlegg som takkar kundane for deira «lojale støtte og tillit».

Men går ein rett inn på nettsida utan å følge lenka, er det ikkje noko teikn på at butikken skal legga ned.

Tvert imot reklamerer dei med eit vårsal og ein ny sommarklede-kolleksjon.

Nettsida til Norry Oslo

Foto: Skjermdump/Norry Oslo

NRK har prøvd å få kommentarar frå både Tone Trondheim, Norry Oslo og fleire andre aktørar som har liknande reklamar. Ingen har svart på førespurnadane våre.

Avhengige av tips

Forbrukartilsynet har heller ikkje noko oversikt over kor vanlege desse reklamane er.

Dei stiller seg elles bak det Forbrukarrådet seier:

– Det er forbode å framstilla det som om ein vil gå konkurs, eller at ein har opphøyr av verksemda si, når det faktisk ikkje stemmer, seier underdirektør Marit Evensen til NRK.

Tilsynet får jamleg inn tips om slike reklamar, og Evensen understrekar at dei er avhengige av nettopp tips.

– Me er generelt opptekne av at forbrukarane er litt skeptiske til alle nettbutikkane som finst, at ein sjekkar litt rundt før ein handlar der.

Fleire fellestrekk

NRK har ikkje klart å finna nokre tal som seier kor vanlege slike annonsar er.

Men på underteikna si Facebook-side har det regelmessig dukka opp slike reklamar i lengre tid.

Fleire av dei framstiller seg sjølve som norske butikkar. Men sjølv om alt står på norsk, står det stort sett ikkje noko om kvar dei held til eller organisasjonsnummer.

Dei har dessutan ofte mange av dei same trekka i reklamane sine:

  • Speler på kjensler
  • Namnet på butikken inneheld ofte namnet på ein norsk by
  • Lokkar med store rabattar på varene sine – i ein veldig kort periode
  • Ofte kunstig språk med fleire feil

– Me er kjende med at ein god del nettbutikkar gjer inntrykk av å vera norske, men som er langt frå det. Viss du marknadsfører på norsk mot nordmenn, er du underlagd norsk eller europeisk rett og må følga dei reglane som finst der, seier Thomas Iversen.

Han vedgår likevel at det kan vera vanskeleg å handsama reglane.

– Viss dei har kontor i Kina eller på Cayman Islands, kan det vera vanskeleg i praksis. Desse sidene forsvinn ofte fort også, før det dukkar opp nye.

Falske nedteljingar

Fleire av nettsidene NRK har sett på, brukar òg nedteljingar på nettsidene sine

Som denne, til dømes:

Nedtelling på hjemmesida til en nettbutikk

Foto: Skjermdump/Norry Oslo

Oppdaterer ein denne sida, vert nedteljinga nullstilt. Underteikna har fått den same nedteljinga i fleire veker, sjølv om butikken framleis seier at det er «siste sjanse».

Thomas Iversen i Forbrukarrådet seier det fort kan vera ulovleg med ei nedteljing om ho ikkje faktisk tel ned til noko.

– Då vil det veldig fort vera villeiande handelspraksis, som er forbode.

Reklamane NRK har sett på, har alle dukka opp på Facebook. Me har kontakta Meta for kommentarar til saka, men dei har ikkje svart på førespurnaden.

Publisert 22.09.2024, kl. 21.51

Read Entire Article