Meir enn 12.000 studentar manglar ein stad å bu til hausten, og storbyane merkar presset frå folk som leiter etter bustad.
I Bergen er studentsamskipnaden i gang med å skru opp provisoriske senger for å møte pågangen.
– Vi gjer klart til 21 sengeplassar. I tillegg har vi tre andre lokasjonar vi kan nytte oss av, så totalt kan vi få opp mot 92 sengeplassar, seier Tord Hatland, områdeleiar på Saman Fantoft.
Fellesområde som kantine og møtelokale blir no gjort om til sovesalar for studentane.
I fjor var kriseløysinga madrassar på golvet.
– Det blir litt som eit Norway Cup-opplegg.
– Vi skal sørge for at dei som er her blir godt vareteken, legg Hatland til.
Førebur seg på auke
Det er rundt 3400 studentar som står i kø for ein studentbustad i Bergen.
Det er ein betydeleg auke frå tidlegare år. I fjor var det 2900 i kø.
Styreleiar i studentskipnaden Saman, Amalie Lunde seier situasjonen er kritisk.
– Vi forventar at køen kjem til å auke enda meir når svara frå Samordna opptak kjem, seier ho.
– Vi er spent på kor lenge folk kjem til å måtte bu her i år, så vi vil gjere det så komfortabelt som mogleg.
Sovesalane er eit tilbod som skal vare ut august.
Blir bygt for lite
– Det har gått treigt med reguleringar i Bergen dei siste åra, som gjer at vi har litt for få prosjekt på gang. Målet er å bygge 2000 nye bustadar før 2030, men vi ser at det går for sakte, seier Lunde.
Ho forklarar at tilskotet til bustadbygging har gått ned med 10 prosent frå 2022 til 2023. På same tid har tomter og byggekostnadar blitt dyrare.
– Det er eit dilemma for oss. Skal vi bygge dyrt, som går utover studentane. Eller skal vi la vere å bygge, spør ho.
Slit du med å få tak i bustad?
Krevjande leigemarknad
Professor i økonomi ved NTNU, Are Oust forklarar at det er fleire faktorar som påverkar kvifor studentane har vanskar med å finne ein bustad til studiestart.
– Det er lågare tilbod av bustadar, i tillegg til at det er eit stort innslag av ukrainske flyktningar som også treng ein stad å bu.
Kombinasjonen færre utleigebustadar og auka etterspurnad gjer situasjonen krevjande, seier han.
– Det har blitt mindre lønnsamt å leige ut bustadar, og mange av utleigarane har valt å selje eigedommane sine. Dermed er talet på bustadar ikkje tilstrekkeleg for å dekke behovet til alle som ønskjer å leige
Krise vs. vel og vrak
I Sogndal og Førde er det ikkje like stor etterspurnad etter studentbustadar. Ein knapp månad før studiestart er det omtrent 40 bustadar som framleis står ledige.
Studentskipnaden slit med å få leigd ut alle hyblane fordi studentane har god tilgang på plassar å bu
– Leigemarknaden i Sogndal er god, og prisane er på eit nivå som gjer det enklare for studentane, seier Lunde.
Sjølv om det er ein liten bekymring for at nokon bustadar kan stå tomme til studiestart, trur ho at det vil løyse seg.
– Vi merkar ikkje det same presset i desse studiebyane, men normalt sett vil det fylle seg opp i løpet av sommaren.
Publisert 11.07.2024, kl. 22.09