I den vesle bygda Fresvik langt inne i Sognefjorden har dei vore fri for brunsnigelen i alle år.
Fram til no.
Denne sommaren oppdaga Gyda Bøtun den slimete skapningen som folk skyr som pesten.
– Vi har høyrt skrekkhistorier frå andre stader, og eg er svært bekymra viss folk ikkje prøvar å drepe dei, seier Bøtun.
Brunsnigelen er uønskt sidan han spreiar seg raskt og øydelegg avlingar og vegetasjon.
Opphaveleg høyrer ikkje brunsnigelen til i norsk flora, men i land som Spania og Portugal. Den slimete skapningen kom til Noreg i 1988 gjennom import av plantar.
Spreiar seg til stadig nye stader
Dei siste åra har brunsnigelen spreidd seg til nye stader i Noreg. Ifølgje forskning.no så langt nord som Troms fylke. Snigelen har også klatra godt opp i høgda, til kring 400 meter.
Det er venta at brunsnigelen vil halde fram å krype inn på nye territorium.
For to–tre år sidan blei den oppdaga for første gong på Indre Austlandet ved bygdene langs Mjøsa.
Eit fuktigare klima og høgare vintertemperaturar gjer det lettare for brunsnigelen å overleve i Noreg. I tillegg til å spreie seg sjølv lokalt, kan den også følgje både planter og pallar med varer til andre delar av landet.
– Dei spreiar seg fort via forskjellige ting. Dei kan følge med ting og tang, på ein sko, eller ein kan finne dei i hageavfall, seier snigelekspert og forskar ved Nibio Bjørn Arild Hatteland.
Har dårleg tid
Om du først har fått ein brunsnigel i hagen har du dårleg tid, ifølge eksperten.
– Ein må ta dei så fort som mogleg før dei legg egg til neste år, seier Hatteland.
Ein snigel kan legge 400 egg på eit år.
– Dei er vanskeleg å fjerne heilt, ettersom dei er hermafrodittar. Ei enkelt snigle kan starte ein ny populasjon ved å befrukte sine eigne egg. Allereie i august har mange lagt egg, seier snigeleksperten.
Plukk og avliv
Det er fleire tiltak ein kan gjere for å overvinne den uønska snigla, sjølv om det er vanskeleg å fjerne den heilt når den først har slått rot.
I bygda Leikanger i Vestland oppdaga dei brunsnigelen for første gong for 10 år sidan, og sette i gong ein stor dugnad.
Det er også rådet til ekspertane.
– Plukk og avliv snigla, og følg med på utviklinga, oppmodar Hatteland.
I Fresvik håpar Gyda Bøtun at folk tek brunsnigelproblemet på alvor.
– Eg håpar folk er klar over problemet og gjer ein innsats. Ingen i bygda vil ha desse sniglane her.
Publisert 17.07.2024, kl. 16.02