Breitt mistillitsforslag mot partileiinga i INP

4 hours ago 4


I Industri- og næringspartiet (INP) har 17 av 25 lokallag i Vestland signert eit mistillitsforslag mot partileiinga.

Vestland er fylket der INP er desidert størst, med 65 av sine 238 kommunestyrerepresentantar.

I tillegg er partileiar Ann Jorun Hillersøy (biletet) frå Vestland, men har altså nå fleirtalet av lokallag mot seg.

Bakgrunnen for mistillitsforslaget er at sentralstyret i førre månad oppløyste heile fylkesstyret og ekskluderte både gruppeleiar og nestleiar i Vestland INP.

INP sin ekskluderte gruppeleiar Bjarte Helland i fylkestinget seier til NRK at INP nå risikerer ei masseutmelding av folkevalde og å berre sitta igjen med 15 av dei 65 folkevalde i Vestland-kommunane.

Read Entire Article