I Noreg er det få som har fastpris på straum. I nabolanda våre i aust og lengre sør i Europa er andelen fastpriskundar mykje høgare.
Høge prisar og ein uoversiktleg marknad kan likevel gjere at fleire ser fordelane med ein meir føreseieleg straumavtale.
Og det er i sommarmånadane, når prisane ofte er låge, at det kan lønne seg å vurdere kva straumavtale ein ønsker å ha.
Tener pengar på høg spotpris
– Eg har ein nabo som er minstepensjonist. Han fekk ei straumrekning på 4000, medan eg fekk betalt for å bruke straum, fortel fastpriskunde Mathias Nilsson.
Nilsson fortel at fastprisavtalen, kombinert med støtteordninga til regjeringa, gjer at han kan tene pengar når spotprisen er høg. Jo høgare forbruk når spotprisen er høg, jo meir pengar får Nilsson inn i form av støtte frå regjeringa.
- Straumstøtteordninga gjer at fleire fastpriskundar no tener pengar på å bruke straum.
Sist gong spotprisen var høg inviterte han naboane på besøk for å lade bilane sine.
– Det var nesten litt kø faktisk.
Feilslått støtteordning
I desember 2021 innførte regjeringa straumstøtteordninga som skal hjelpe hushaldningar i møte med ekstraordinære straumprisar.
Gjennom ordninga dekker regjeringa 90 prosent av kraftprisen over 70 øre per kilowattime for forbrukaren. Ordninga tar ikkje omsyn til kva straumavtale den enkelte har.
Sjefanalytikar Tor Reier Lilleholt i Insight by Volue forklarar holet som Nilsson har dratt nytte av slik:
– Det som er over 70 øre får ein statsstøtte på. Ein kan risikere at viss prisen er over to kroner i ein enkelt time, så kan ein få 1,20 kroner i statsstøtte. Det er kanskje høgare enn det ein betaler for straumen, inklusiv alle avgifter.
Han meiner likevel at dette er noko som berre gjeld for eit titals timar.
– Eg har kikka litt i statistikken hittil i år. Du kan nesten telje på éin hand, eller titals timar, der dette hadde vore ein business som hadde vore attraktiv, held han fram.
Energidepartementet: – Uheldig
Statssekretær Elisabeth Sæther i Energidepartement seier til NRK at det er uheldig at det for nokon kundar kan oppstå timar der dei tener pengar på å bruke straum.
Ho meiner likevel at ei alternativ ordning, der ein tar omsyn til straumavtalen til enkeltkundar, også vil ha utfordringar:
– Viss ordninga skulle luke ut alle kundar med fastprisavtalar, ville dette også ramma kundar med fastprisavtalar som ikkje tener på å auke forbruket, fortel ho.
Sæther seier at kundar som har inngått fastprisavtale for ein lengre periode også kan oppleve å måtte betale meir for straumen i periodar der spotprisen er lågare enn den avtalte fastprisen til kunden.
Spotpris mest lønnsamt
Men det er framleis spotpris som er mest lønnsamt for folk flest, ifølge analytikaren.
– Viss ein skulle inngå ein fastprisavtale i dag, så vil jo også dei som leverer fastprisavtale vere veldig få, og dei vil ta ein ganske stor risikopremie på toppen, seier Lilleholt.
Han fortel at prisane no har stabilisert seg, men at prisnivået framleis er høgare enn det var før invasjonen av Ukraina. Framover er det ikkje venta ekstremt høge prisar.
- Les også: Kva har gass frå Russland og atomkraftverk i Tyskland eigentleg med å straumprisar i Noreg å gjere?
– Viss ein ønsker å ha meir kontroll på kor mykje det vil koste frå månad til månad, så vil fastpris vere ein fordel. Men stort sett vil eg påstå at dei fleste forbrukarar i Noreg har ein fordel med å ikkje ha fastpris.
Har tapt pengar så langt
Fastpriskunde Jon Erik Nordskog har ikkje fått dra nytte av avtalen sin så langt. Han inngjekk fastprisavtale i april i år.
– Den fastprisavtalen har ikkje vore noko lukrativ no, fordi spotprisen har vore låg dei siste vekene og månadene. Så no er det eit tapsprosjekt.
Han fortel at han i forkant rekna med at avtalen ville vere eit tapsprosjekt i sommarmånadane, men at han trur han kan tene på det til vinteren.
– Så det å kjøpe fastprisavtale for meg er ein spekulasjon.
Nordskog kjenner også til holet i straumstøtteordninga.
– Viss du har eit smarthus, og har det rette systemet, så kan du utnytte det. Du flyttar forbruket til dei timane der straumprisen er unormalt høg, og så minskar du forbruket når straumprisen er låg.
– Det er jo negativt for heile straummarknaden, avsluttar han.
Publisert 26.06.2024, kl. 05.33