– Det er heilt sørgeleg, seier Bjørn Arve Aanes.
Då vestlendingen kom tilbake til huset sitt i Øvre Årdal blei han møtt av ein kjellar fylt av vatn.
– Vi fekk nesten huset øydelagt av ein innvendig lekkasje for to år sidan og er ikkje ferdig med å bygge det opp att, så det å måtte trå til igjen, eg kjenner at eg skjelv, seier årdølen.
På det meste har vasstanden vore på 1,60 meter i kjellaren.
– Heile kjellaren er rasert. Ting flyt rundt og dørene har hoppa av hengslene, seier Aanes.
– Dramatisk
Rundt 100 personar fekk torsdag kveld beskjed om å flykte heimane sine då Sitlaelva i Øvre Årdal hald fram med å vekse.
– Det var veldig dramatisk. På eit tidspunkt tok elva eit nytt leie og gjekk over sine breidder, fortel ordførar i Årdal, Christian Sønstlien.
Han har som mange i Årdal hatt ei søvnlaus natt. Bjørn Arve Aanes forstod alvoret då han såg elva nærma seg huset.
– Eg blei skjelven og følte at no er det alvor, seier han.
Får flytte heim
Fredag kl. 08 fekk dei evakuerte beskjed om at det var trygt å flytte heim.
– Politiet og Hydro energi, med støtte frå NVE, har vore på synfaring og konkludert med at det er trygt å vende tilbake, seier ordførar Christian Sønstlien.
Aanes fortel at dei er vant med at elva kan bli større om hausten, men det som har skjedd under «Jakob» har vore utanom det vanlege.
– Frå vi kom heim frå jobb torsdag har vi høyrt masse stein som ramlar i fjellet, det har vi aldri høyrt før, seier han.
Publisert 01.11.2024, kl. 09.27 Oppdatert 01.11.2024, kl. 09.33