Bidens heitaste erstattarar

4 months ago 28


Mens presidentvalet i USA nærmar seg med stormskritt, ber sentrale demokratar president Biden om å gå.

– Me ser no sjølve presteskapet i Demokratenes parti pressa Biden ut. Han kan i realiteten ikkje fortsette utan støtta til partiet, seier professor i statsvitskap Hilmar Mjelde.

Men presidenten held framleis fast på at han held fram valkampen.

Om Biden snur, blir det første gong i historia at ein sittande president trekk seg som presidentkandidat så nært valet.

Her er nokre av kandidatane som kan ta over valkampen hans:

Kamala Harris

Sjølv om Biden skulle trekka seg som presidentkandidat, betyr ikkje det at noverande visepresident Kamala Harris (59) automatisk erstattar han.

Likevel er det mykje som peikar på at ho kan ta over.

– Det er praktisk og jurdisk lettare for Kamala Harris å ta over for Biden, fordi ho får tilgang til pengane frå valkampanjen, seier Sofie Høgestøl til NRK.

– Om dei opnar opp for at alle kan stilla no, så tett på valet, risikerer demokratane å riva partiet i stykke, legg ho til.

USAs visepresident Kamala Harris på talarstolen i Fayetteville

Kamala Harris er den mest sannsynleg

Foto: Kevin Mohatt / Reuters

I tillegg er Kamala Harris kjend for folk flest i USA frå før. Ein annan kandidat blir nøydd til å bruka dei neste fire månadane på å gjera seg sjølv kjend.

– Harris må sjåast på som klar favoritt. Ein visepresident er eit reservehjul og lufta er på full fart ut av Biden-kandidaturet, seier Hilmar Mjelde, professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet.

At det er så kort tid att til valet, speler ei viktig rolle.

– Det er jo eigentleg alt for seint å byta presidentkandidat no, det er ikkje tid til å ha ein full nominasjonsvalprosess, seier NRKs utanrikskorrespondent Tove Bjørgaas.

Samtidig har Kamala Harris blitt kritisert for å ikkje gjera ein god nok jobb i toppolitikken. Det kan føra til at ein vil satsa på nokon heilt nye.

Ein ny og litt ukjent kandidat kan dermed bruka dei neste månadane på å gjera seg sjølv kjend, utan å få skulda for eit eventuelt val-nederlag.

Gavin Newsom

Guvernør i California Gavin Newsom (56) er ein annan kandidat som blir trekt fram som ein mogleg erstattar for Biden.

Newsom er tidlegare ordførar i San Francisco, og var ein av dei første som uttrykte støtte til Biden etter debatten mot Donald Trump i Atlanta i juni.

Guvernør i California Gavin Newsom smiler breidt og strekk ut ei hand for å helsa på ein mann med caps.

California-guvernør Gavin Newsom er tidlegare ordførar i San Francisco og er populær blant demokratane.

Foto: Steven Senne / AP

Han har også vore open om at han vil stilla som presidentkandidat i det neste presidentvalet i 2028.

Newsom har derimot sagt at han ikkje vil vera Harris sin «running mate», dersom ho erstattar Biden som presidentkandidat for demokratane.

Gretchen Whitmer

Michigan-guvernør Gretchen Whitmer (52) har fleire gongar blitt trekt fram som ein sterk kandidat til neste presidentval i 2028. Ho har god støtte innanfor partiet.

Gretchen Whitmer held opp handa og snakkar i ein mikrofon. Ho har brunt krøllete hår og blå dress.

Gretchen Whitmer er guvernør i Michigan, men vil ikkje vera visepresidentkandidat dersom Harris erstattar Biden i valkampen.

Foto: Al Goldis / AP

I likskap med Newsom, skal også Whitmer ha sagt at ho ikkje ønsker å vera Kamala Harris si høgre hand i slutten av valkampen, skriv Newsweek. Det til trass for at ho tysdag denne veka uttalte at ho var positiv til rolla.

Kvifor vil dei ikkje stilla som visepresidentkandidatar?

– Spørsmålet blir kven som ønsker å gå inn på den brennande tomta Harris allereie står på, seier Sofie Høgestøl.

Å skulle gå inn i ein allereie vaklande valkamp er det ikkje alle som er opne for, forklarar ho.

J.B. Pritzker

Guvernøren i Illinois, J.B. Pritzker (59) blir også trekt fram som ein mogleg erstattar for Biden, i ei oversikt frå The New York Times.

Pritzker har stått fram som ei sterk motstemme til tidlegare president Donald Trump. Den krasse kritikken mot Trump har gjort han populær blant Demokratane.

Illinois-guvernør J.B. Pritzker

Mangemilliardæren J.B. Pritzker er guvernør i Illinois.

Foto: Chris Young / AP

Pritzker skal også ha nær 40 milliardar kroner på bok, og er dermed den rikaste folkevalde i USA.

Michelle Obama og andre kandidatar

I spekulasjonane om aktuelle Biden-erstattarar, har tidlegare førstedame Michelle Obama også blitt nemnd.

Sjølv om ho har gjort det godt på nokre meiningsmålingar, trur ikkje USA-ekspert Høgestøl at Michelle Obama er ein sannsynleg presidentkandidat.

– Ho har gjort det veldig tydeleg at ho ikkje vil driva med politikk, seier Høgestøl.

Michelle Obama held ei hand mot hjertet, på talarstolen under Obama Foundation Democracy-forumet i november 2023.

Michelle Obama har heile tida avvist at ho vil bli president.

Foto: Tyler Pasciak LaRiviere / AP

USAs transportminister, Pete Buttigieg, som stilte til val i 2020, blir også trekt fram som ein mogleg kandidat. Det same blir California-guvernør Jared Polis og Pennsylvania-guvernør Josh Shapiro, samt dei to senatorane Amy Klobuchar og Cory Booker.

Shapiro (51) er den yngste på bookmakerane sine lister over moglege kandidatar, i oversikta hos New York Times.

Han har merka seg med Israel-støtte og kritikk av studentane i USAs demonstrasjonar til støtte for Palestina.

Publisert 19.07.2024, kl. 21.35

Read Entire Article